Den mest deprimerande julegåva
Det som skulle bli ein artig kuriositet i pakkehaugen under juletreet, sette ein dempar på heile stemninga.
Bjosjyren kjem med bilete av «hytteting», som fyrstikker, vedkubbar og ein vassdunk.
Det er like før jul; postkassa er full av glansa og glorete reklame som prøver å overtyda oss om at me treng meir ting og tang for å leva fullverdige og lukkelege liv.
Éin dag ser eg ein brosjyre med tittelen «Du er ein del av beredskapen i Noreg», med eit bilete av det eg vil kalle «hytteting», som fyrstikker, vedkubbar og ein vassdunk.
Reklame eller noko som er verdt å bruke tid på? Avsendaren er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Det er ikkje ofte me høyrer om dei, og det skal me vel eigentleg vera glade for.
«Verdas tryggaste – og likevel sårbar» er tittelen på side 2. I teksten kan ein lesa om kor avhengig me i Noreg er av straum, vatn og internett – og kor sårbare me er om noko skjer.
«Noko» kan vera «uver, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar».
«Terror eller krig»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.