Den kleimete stalinistiske arven

Raudt har landsmøte på Radisson Blu. Der skal dei avlusa seg og rydda i prinsippa.

Første nestleiar Marie Svene og partileiar Bjørnar Moxnes er klare til landsmøtet i Raudt til helga.
Første nestleiar Marie Svene og partileiar Bjørnar Moxnes er klare til landsmøtet i Raudt til helga.
Publisert

Valomatar skal vera til hjelp for å sjekka ut kvar ein står politisk. Byråsjefen har gjort det éin gong, og gjer det aldri meir, for dette blei resultatet: «Valgomaten klarer ikke å skille ut en soleklar vinner. Det er et tett løp, men Rødt kommer ut på topp.»

Raudt er det nest siste partiet Byråsjefen kunne tenka seg å røysta på, så han visste at svaret var feil. Derfor prøvde han ein annan valomat – med same resultat.

Som den grundige mannen han er, gjekk Byråsjefen djupare inn i materien. Sjølv om det ikkje er mangel på saker i partiprogrammet der han er usamd med Raudt, kan han slutta seg til velvillig pjatt om at me skal ha god jul og godt nyttår heile året og få «utfolde oss innenfor våre egne premisser».

Men då han studerte nærare korleis slike valomatar er konstruerte, fann han grunnen: I saker som er viktige for han, har Raudt dei klaraste standpunkta. Det gjeld nasjonalt sjølvstende, EØS-tvang, ein sterk, regulerande og kontrollerande stat, tiltru til profesjonane i offentleg sektor, eit ordna arbeidsliv, grenser for privat eigedomsrett, høgare skattar og arveavgift for dei velståande, mot marknadsliberalisme, anbod og privatisering, velferdsprofitt, fritt brukarval og andre moderne påfunn som undergrev forvaltningas autoritet og styringskraft.

Men derifrå til å røysta Raudt er utenkeleg, og Byråsjefen får det heller ikkje til å stemma at det var dette Karl Marx kalla kommunisme. Han har merka seg at denne Mimir Kristjánsson, som er forført av Rosa Luxemburg, stadig stiller det fornuftige spørsmålet om kva Einar Gerhardsen ville ha gjort, og ikkje kva Pål Steigan seier. Men så rotar han seg bort i systematisk tungetale om demokratisk revolusjon, eit klasselaust samfunn og draumen om Disney-kommunisme.

Byråsjefen vil ikkje avskaffa systemet; han vil styrka det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement