JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Den brysame proporsjonaliteten

Tala på drepne i Gaza er skakande. Er israelsk krigføring på Gaza uproporsjonal? Kva seier folkeretten? Svara er avhengig av kva slags heimel Israel har for krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyken stig 22. november etter endå eit israelsk åtak frå lufta mot Gaza i krigen mot Hamas.

Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB

11632
20231124
11632
20231124

Proporsjonalitet er eit nøkkelomgrep i folkerettens reglar for krig. Etter at Israel erklærte krig mot Hamas som svar på åtaket 7. oktober, har dei fleste eit syn på om «israelsk krigføring på Gaza er uproporsjonal». Men proporsjonalitet er ikkje ei øving som liknar ei vekt. Til dømes er det aldri slik at sivile tapstal på israelsk side skal vektast mot sivile tapstal på palestinsk side. Men kva er det då som skal balanserast?

Dei siste detaljerte tala frå styresmaktene i Gaza om drepne sivile er frå 10. november. Det var to veker inn i Israels bakkeoperasjon på Gaza og nær fem veker etter at omfattande israelske luftåtak mot Gaza tok til. Tapstala for to veker sidan var 11.078 drepne sivile palestinarar, inkludert 4506 born. Tala er skakande. Kan dette på noko som helst vis vere «proporsjonalt»?

Det er når sivile tapstal ikkje lenger er sikre, at krigen verkeleg er komen. Då rasar kampar i byruinar, fulle av lik av born, heile familiar, taxisjåførar, sjukepleiarar og statistikarar, og krigen sluker ofra sine. Som luftbombinga og bakkeinvasjonen av byen Mosul i Irak i 2016 og 2017. Etter massive bombeåtak frå vestlege statar, følgde urban krigføring med irakiske bakkestyrkar, kurdiske militære, sjiamilits og vestlege spesialstyrkar. Dei kjempa seg gjennom byen for å gjere ende på IS’ styre.

Kor mange sivile strauk med her? Tala er framleis usikre seks år seinare. Dei stadfesta tala er mellom 9000 og 11.000. Estimatet frå kurdisk etterretningsteneste, skal vere rundt 40.000 drepne sivile i ruinane etter krigen mot IS. Korleis stod det til med «proporsjonaliteten» der?

Og kva med krigen mellom Hizbollah og Israel i 2006, då Hizbollah gjekk til åtak på soldatar på israelsk jord, tok gislar attende til Libanon og lokka den israelske hæren i bakhald? Israel svara med å gå til krig mot Hizbollah, og la heile infrastrukturen i den sjiamuslimske bydelen Dahieh i Beirut i grus gjennom luftåtak.

Militærstrategen Gadi Eisenkot utvikla då ein doktrine som blir kalla «Dahieh-doktrinen». Den går ut på at Israel må nytte «uproporsjonal makt for å avskrekke framtidige åtak mot Israel». Eisenkot er ein av dei fem som sit i Israels krigskabinett under Gaza-krigen. Rår denne doktrinen over Israels Gaza-krig, og kan det vere lovleg?

Den tidlegare utanriksministeren i USA, Madeleine Albright uttalte ein gong «I know a war-crime when I see it». Men det gjeld altså sjeldan for uproporsjonale åtak. For folkerettsleg proporsjonalitet i krig er gjerne kontraintuitiv. Og rettsleg proporsjonalitet i krig må aldri forvekslast med rettferd.

Då har vi kome til der hunden ligg gravlagd. Proporsjonalitet i krig kan nemleg tyde tre heilt ulike ting: moralfilosofisk proporsjonalitet (er krigen rettvis?), proporsjonalitet for den folkerettslege heimelen for krigen (vert krigen ført på måtar som heimelen ikkje dekkjer, og gjer det krigen ulovleg?) og til slutt proporsjonalitet i dei sivile følgjetapa til kvart enkelt åtak (er åtaket eit krigsbrot?).

Dei tre sentrale spørsmåla «er krigen rettsvis?», «er krigen lovleg?» og «er kvart åtak eit krigsbrotsverk?» kan alle handle om proporsjonalitet. Men kva som skal målast, og når maktbruken vert uproporsjonal, er ulikt under dei tre spørsmåla!

Moralfilosofisk proporsjonalitet kjem frå den kristne rettvis-krig-tradisjonen, som særleg vert knytt til teologen Thomas Aquinas på 1200-talet. Den vektlegg at ein krig berre er rettvis om han vert ført for legitime føremål (til dømes sjølvforsvar), og at måten krigen vert ført på, må sjåast i lys av det legitime føremålet. Kan ein ikkje grunngje krigens øydeleggingar ut frå føremålet, er krigføringa ikkje proporsjonal og heller ikkje rettvis. Mange av dei som omtalar Israels krig på Gaza, har denne form for moralfilosofisk uproporsjonalitet i tankane. Det er meir enn nok til å kritisere og leggje press på Israel for å stanse krigen eller endre krigsmåten.

Folkerettsreglane om rett til bruk av militærmakt utanfor suverent territorium slår fast forbodet mot krig gjennom maktforbodet i FN-pakta artikkel 2(4). Men forbodet har unnatak, og derfor blir reglane gjerne kalla «retten til krig», ius ad bellum. Det kan finnast ulike heimlar som gjev rett til å innleie militære operasjonar. Til dømes vil eit «væpna åtak» gje rett til sjølvforsvar (artikkel 51), eller eit mandat frå FNs tryggingsråd kan gje rett til maktbruk for å handheve ein våpenembargo eller ei flyforbodssone mot viljen til suverene styresmakter.

Alle slike heimlar er underlagde det alminnelege folkerettslege proporsjonalitetsprinsippet: militære operasjonar må vere nødvendige for å oppnå føremålet i heimelen (drive åtaket attende eller handheve flyforbodet), og dei påreknelege sideeffektane som ikkje handlar om det som er nødvendig, må ikkje vere uproporsjonalt store sett i lys av føremålet.

Den heimelen til sjølvforsvar under FN-pakta som Israel nytta i 2006 for å gå til krig mot Hizbollah på suverent libanesisk territorium, dekte til dømes ikkje øydelegging av Libanons evne til å verne landet mot åtak, eller øydelegging av all infrastruktur i den Hizbollah-venlege bydelen Dahiyeh i Beirut for å «avskrekke framtidige åtak». Dei fleste statar var samde om at Israel her gjekk for langt, og at dei påreknelege effektane av krigføringa, var uproporsjonale under heimelen sjølvforsvar. Sjølv USA konkluderte med at Israels krigføring i Libanon var uproporsjonal.

Israels krig mot Hamas på Gaza er derimot ei anna skål. Kva slags heimel Israel har for operasjonen er det ikkje unison semje om. Israel hevdar at grensa mot Gaza er ei internasjonal grense, som den mot Libanon, og at FN-pakta derfor gjeld. Men Gaza er ikkje ein stat, og Palestina er ikkje FN-medlem, så FN-pakta kan ikkje gjelde mellom Israel og Gaza (sjølv om Storbritannia har teke den posisjonen etter åtaket 7. oktober).

Det som då kan gjelde, er ein ulovfesta sjølvforsvarsrett mot ikkje-statlege terrororganisasjonar som angrip frå utlandet. Utfordringa er då at Gaza er ikkje «utlandet». Derimot er den folkerettslege statusen til Gaza «okkupert område», sjølv om Israel valde å trekkje busetjarane og soldatar attende frå Gaza i 2005. Som den internasjonale domstolen i Haag slo fast i si rettstenking om «muren» i 2004, har Israel ikkje rett til sjølvforsvar under reglane for maktbruk dersom åtak kjem frå okkupert område.

Kva er det då som gjeld? Det er okkupasjonsretten. I alle fall er det dette dei fleste statar i verda legg til grunn. Israel som okkupasjonsmakt har ein svært vid rett til å gjere militære tiltak for å sikre si eiga sivilbefolkning eller sine eigne militære. Faktisk har Israel òg plikt til dette under okkupasjonsretten. Når til dømes amerikanarane talar om Israels «rett og plikt» til sjølvforsvar, er det «kodeord» for okkupasjonsretten. Men også her vil maktbruken vere bunden av det alminnelege prinsippet i folkeretten om naudsyn og proporsjonalitet.

Då vert spørsmålet om Israels militæroperasjonar er nødvendige og proporsjonale for å «sikre israelske borgarar» og eigne militære behov. Etter åtaket 7. oktober er Israels militære behov å gjenerobre militær kontroll over Gaza for å sikre si eiga befolkning mot framtidige åtak av tilsvarande karakter. Det er òg eit føremål å frigjere israelske gislar. Kva slags israelske operasjonar på Gaza er naudsynte for å ta tilbake full militær kontroll og samstundes frigje israelske gislar?

Det er dei skadane på Gaza og blant palestinarane som ikkje er naudsynte for dette formålet, som utgjer skadane i proporsjonalitetsvurderinga. Her høyrer det òg med kva Hamas med fleire gjer for å forkludre Israels evne til å klare det lovlege føremålet. Kva som er «naudsynt» for Israel å gjere, heng òg saman med i kva grad Hamas og andre stikk kjeppar i hjulet for Israel. Talet på sivile drepne eller talet på drepne born kan derfor ikkje åleine avgjere kva som er uproporsjonalt. Det er kva Israel gjer og ikkje gjer, og kva Hamas og andre palestinarar gjer på sin kant, som gjev svar på om verknadene av Israels militæroperasjonar på Gaza «ikkje er proporsjonale».

Rettsverknaden av at okkupasjonsmakta Israel bryt med okkupasjonsretten gjennom å ikkje opptre proporsjonalt under ein militæroperasjon for å «gjenerobre okkupert territorium», er uklare i folkeretten.

Effektane av å bryte reglane for krigshandlingane (ius in bello – reglar under krig) er på si side klinkande klare. Begge krigførande partar er pålagde berre å rette militære åtak mot militære mål, og sørgje for at dei «påreknelege sivile følgjeskadane av eit åtak» ikkje er uproporsjonale sett opp mot dei «direkte og konkrete militære fordelane dette åtaket er rekna å gje». Kvart åtak vert vurdert for seg.

Den 10. november opplyste den israelske hæren at han fram til då hadde råka 15.000 Hamas-mål. Det er påreknelege sivile følgjeskadar ved kvart enkelt av dei 15.000 åtaka som kan vere «uproporsjonale» i tydinga brot på krigens reglar og mogleg krigsbrotsverk. Berre om det er systemisk svikt, vert åtak sette i samanheng – til dømes dersom det ikkje finst gode strukturar for å sørgje for å vurdere kor lovleg kvart åtak er. Det er neppe aktuelt, sidan Israel har juristar inne for å godkjenne at kvart enkelt åtak er lovleg.

Dermed står vi att med ei vurderinga av kvart enkelt åtak.

Åtaket mot det kristne sjukehuset Al-Ahli drap mange sivile. Her var spørsmålet kven som hadde råka sjukehuset, og partane skulda på kvarandre. Ingen tok på seg ansvar, og mykje kan tyde på feilskyting. Når åtak ikkje er intenderte, vert det ikkje gjort ei vurdering av om dei «påreknelege sivile følgjeskadane ville vere proporsjonale».

To store åtak mot flyktningleiren Jabalia vart stadfesta av IDF, som hevda at åtaka hadde teke livet av Ibrahim Biari, ein bakmann for 7. oktober-åtaket mot Israel. Kraftig ammunisjon vart nytta, og under husa var det mykje tunellar. Åtaka gjorde at grunnen kollapsa, og fleire hus rasa saman. 195 sivile skal ha mista livet. Det er eit soleklart uproporsjonalt følgjetap for å ta livet av ein mellomleiar. Her er likevel spørsmålet om Israel «pårekna eller burde ha pårekna» at ammunisjonsbruken ville føre til at grunnen under husa braut saman. Her er altså spørsmålet om desse store følgjetapa var påreknelege. Svaret er ikkje gjeve.

Åtak som er klart uproporsjonale fordi dei sivile følgjeskadane som må påreknast er for store, er eit krigsbrot under Genèvekonvensjonane og statuttane til Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Dei kan og skal straffast etter folkeretten. Men det er ein hake.

Dette gjeld berre om konflikten på Gaza er regulert av okkupasjonsretten – dei reglane som gjeld mellom to statar. Dersom det derimot er reglane for militæroperasjonar mot terrororganisasjon som gjeld, slik Israel hevdar, talar vi om reglane for ikkje-mellomstatlege konfliktar. I slike konfliktar finst rett og slett ikkje krigsbrotet «uproporsjonale åtak». Då kan Israel vise til dei same reglane som vestlege land brukte mot IS i Mosul. Uproporsjonalt store sivile følgjeskadar vil då truleg ikkje forfølgje Israel heller.

Om den israelske krigføringa på Gaza «er uproporsjonal», er i liten grad noko «vi veit når vi ser det». Men det er altså ikkje folkeretten som skal vere vårt moralske pass. Å protestere høgt og tydeleg når krigen sluker sivile og born vert drepne i store tal, bør vere eit kategorisk imperativ.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis