JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Demokratiet som sin eigen verste fiende

Då Fahad Qureshi og Islam Net kunne skilte med innkjøp av Oslo Skytesenter og planar om aktivitetshus for ungdom på Stovner, til ein sum av nette 60 millionar kroner, var det ikkje få som sette kaffien i halsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6424
20210326
6424
20210326

Dei aller færraste ønskjer at salafistisk bokstavtru islam skal rekruttere ungdom i Noreg gjennom tilbod om leksehjelp og bordtennis. Eit spørsmål som straks vart stilt, var korleis dette kunne stoggast. Kva kan vi stille opp med når vi har grunnlovsfesta rettar både til foreiningsfridom og religionsfridom og ingen kan prove at betalinga er skaffa fram ulovleg?

Medan Raymond Johansen varsla møte med justisministeren og Jon Helgheim i Frp tek saka til Stortinget, står andre, ikkje minst Lars Gule, fast på at ingenting kan gjerast. Gule veit betre enn dei fleste kva for ideologi Islam Net står for, og han skal ha ros for at han i ei årrekkje har freista å tale vett inn i islamistisk ungdom ved å stille opp i møte og debattar. Men eg meiner han trår heilt feil når han no seier vi berre må øve oss i toleranse og godta det vi ikkje liker. Noko anna vil vere islamofobi og diskriminering. (Dagbladet 16. mars)

Verdiar i skvis

Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Når politikarar over heile fjøla, frå Raudt til Frp, åtvarar mot etableringa av salafistisk islam, handlar det om meir enn motstand mot «noko dei ikkje liker». Det handlar om verdiar som kjem i skvis: religionsfridom, som Gule held fram som det viktigaste av alt, og verdien av integrering, som dei andre ser som avgjerande. Kva gjer vi når desse kjem i skvis?

For det fyrste lyt ein vere klar over kva Islam Net eigentleg er. I konkurransen om å heve dei mest naive røystene i denne saka vinn kristne som tykkjer det er fint at religion får breie seg, med seljaren av skytesenteret, Rune Borknes sjølv, på topp.

Men dei som har studert strategien til Islam Net, er derimot ikkje i tvil. Dette handlar ikkje om ei vanleg muslimsk gruppering, men om ei misjonerande salafistisk rørsle, der det å tilpasse seg omgjevnadene og målrette bodskapen sin er heilt sentralt. Og det er nett det Islam Net gjer. Skamlaust går dei inn i debatten og presenterer seg som eit tilbod vi treng. Dei les seg sjølv inn i vår kulturhistorie og samanliknar motstanden dei møter, med diskriminering av samar, som er eit urfolk, og kvenar og jødar, som har status som nasjonale minoritetar. Dei trykkjer sjølvsagt Lars Gule til sitt bryst når det passar dei slik, og når andre muslimar skuldar dei for å svartmåle det norske samfunnet, parerer dei med at det jo ville vere det same som å svartmåle seg sjølv.

Radikalisering

Med ein sjarmoffensiv frå helvete bortforklarar Fahad Qureshi korleis han for nokre år sidan prinsipielt gjekk inn for å steine i hel både homofile og dei som vart tekne i utruskap. Konklusjonen er at Islam Net ikkje er så farleg som mange trur. «Vi er en norsk muslimsk organisasjon med norsk muslimsk identitet. Vi jobber for mangfold, integrering, samfunnsdeltakelse og forebygging av radikalisering og vold.» Kunne det vore betre? Bodskapen gjekk rett heim hos 37 muslimske samfunnsaktørar som denne veka publiserte støtteopprop for Islam Net, der same fyndord vart gjentatt (Vårt Land 23. mars).

Ved å distansere seg frå ekstremisme og lansere seg sjølv som løysinga på problemet freistar Islam Net å verte omfamna av storsamfunnet og styresmaktene. I ei tankevekkjande åtvaring (tankesmia Agenda 5. mars) peika Vibeke Knoop Rachline og Sylo Taraku på korleis salafistar aktivt har gått inn for å islamisere vestlege land, og vidare korleis det planlagde aktivitetssenteret på Stovner minner om framgangsmåten til salafistar i Belgia og Frankrike.

Taktikken har vore å gje eit sosialt og positivt tilbod attmed det politisk-religiøse. Bodskapen til Rachline og Taraku er at erfaringane frå Belgia og Frankrike syner at det ikkje er tilstrekkeleg å rette tiltak berre mot valdelege jihadistar. Radikaliseringsprosessen startar gjerne langt tidlegare, til dømes med at totalitære krefter frå Midtausten infiltrerer eller finansierer muslimske miljø.

Kvar går grensa

No kan det tenkjast at pengane til Islam Net er kvite som snø, slik at ein ikkje får påvist den frykta lenkja til totalitære statar i Midtausten. Er det då slik at vi er bundne på hender og føter fordi vi ein gong gjekk inn for eit religionsope samfunn og har toleranse som ideal? Bør ikkje eit samfunn med respekt for seg sjølv ha lov til å vere intolerant mot destruktive krefter? Noko anna vil vere sjølvøydeleggjande.

Kva som er mogleg å gjere, er eit politisk spørsmål, og difor er Jon Helgheims forslag om lovheimel for å hindre verksemd som motverkar integrering, eit konstruktivt forslag. Kanskje er vi nøydde til å utvide verktøykassa dersom ikkje demokratiet skal bli sin eigen fiende?

Samstundes kan vi ikkje stikke under stolen at tematikken er vanskeleg. For kvar går grensene for toleranse i eit liberalt demokrati? Og kva gjer vi med kristne konservative rørsler? Må dei ryke i same draget – eller kanskje nett dei ikkje må det? Forslaget om lovheimel utløyser eit ras av nye problem. Men nokre av dei er problem som altfor lenge har vore fortrengde, og som vi er nøydde å ta tak i.

Eit slikt problem handlar om integrering, det som er sjølve målet, ifølgje politikarane. Då vert spørsmålet: integrering i kva då? Ja, kva kan vi som kultur og samfunn eigentleg tilby rotlause ungdommar? Det Islam Net ifølgje propagandavideoar vil tilby, er meining med livet og ikkje minst maskulin autoritet over kvinna. Kor forlokkande kan ikkje det vere – særleg for unge gutar som fell utanfor samfunnet? Det motrøystene vil tilby, er fritidsklubbar, brød og sirkus. Men mennesket lever ikkje av brød åleine. Islam Nets offensiv bør difor utfordre oss på mange plan.

På den eine sida må vi setje nokre skrankar for å hegne om det vi finn verdifullt. Då bør Islam Net, med si problematiske forhistorie, leggjast ned før det vert tale om noko aktivitetssenter. På den andre sida må vi som samfunn freiste å finne ut kva det verdfulle vi har, er for noko. For eit samfunn der toleranse for alt vi ikkje liker, står i sentrum av verdiane, inneber ikkje anna enn samfunnets eiga oppløysing.

Eivor Andersen Oftestad
er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved
Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette handlar ikkje om ei vanleg muslimsk

gruppering, men om ei misjonerande

salafistisk rørsle.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis