Dei underlege sengekameratane
Erna Solberg kan ha forskreva seg for å få oppfylt draumen om fleirtalsregjering.
Etter at den nye regjeringa hadde møtt kongen i statsråd, var det pressekonferanse med landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF), finansminister Siv Jensen (Frp), statsminister Erna Solberg (H) og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
hompland@online.no
Erna Solberg har nådd sitt store mål: ei borgarleg fleirtalsregjering.
At dei som har funne saman ikkje har same mål med reisa, legg ho mindre vekt på, berre Høgre held rattet og Siv Jensen er kartlesar.
Dei to små i baksetet skal ho nok vita å stilna med analoge spel og litt godteri, slik at dei vaksne får styra i fred. Klarer ho å bera fram eitt lite tulleparti, så klarer ho to også. Ho har adoptert Kjell Ingolf Ropstad og er glad for at det ikkje blei tvillingabort. Ho er også nøgd med at likestilling skal flyttast til ein homovennleg, hetero psykopat som er reserve på trønderbenken.
Til gjengjeld får Kristeleg Folkeparti ein sexolog som skal driva utvikling i utlandet. Innanlands får ludittane vetorett i alt som har med bioteknologi å gjera. Dei får også overført tru og livssyn frå kultur til barn og familie. Då blir det nok mange K-ar og gode tider for kristne kyrkjer.
Vertinna er ei robust kvinne. Derfor gledde ho seg over at det var fire staute damer som openberra Solbergs reshuffla regjering, som bergensaren sa. Vertinna merka seg at fleire statsrådar er utan eige departement, men ho reknar med at det ikkje rammar portemoneen til den digitale Nikolai Astrup og dei andre med uklar portefølje.
Vertinna hadde medkjensle med Olaug Bollestad, for ho såg heilt månebedotten ut. Men ho trøystar seg med at det kan koma til å gå jysla godt om ho får gjønåslag i landbruks- og matpolitikken. Men i overvektig solidaritet vonar ho at ingen av dei trauste damene tar etter Bård Hoksrud og slankar seg. Det gjeld særleg Bollestad, for hennar politiske pondus er lett nok som han er.
Vertinna meiner elles at Spaltisten er full av fordommar mot Solberg-regjeringa, men ho ser ikkje bort frå at det kan vera kvalifiserte fordommar. Sjølv vil ho minna om gamle Bondeviks åtvaring mot å gje frå seg odelsretten for ein linsevelling. (1. Mos 25, 33–34)
Byråsjefen gler seg over at landet får ei fleirtalsregjering att. Det gjer arbeidet greiare i forvaltninga når det avtalte berre skal strøast sand på og ikkje rotast til i Stortinget. Han er også godt nøgd med at når Erna Solberg blir utfordra av vondsinna journalistar på kven ho vil høyra på når det er strid mellom og i regjeringspartia, slår ho fast at ho vil lytta til seg sjølv.
Det spørst om det går. Ho har synt seg like slumsete med å halda orden i sitt eige kjøkken som på lause statsrådar på dekk. Det er like utfordrande som å monitorera eit kommentarfelt, sjølv om ho ikkje ville ha sagt det akkurat på den måten.
Byråsjefen har merka seg at då Trine Skei Grande var utanfor regjering, sa ho at fleirtalsregjeringar er eit trugsmål mot parlamentarismens grunnlag og eit fritt og ope offentleg ordskifte. Nå har ho avhenda denne meininga, og slik må det vera, meiner Byråsjefen: Det politikarar meiner, meiner dei til dei meiner noko anna, og det er ikkje avhengig av kva dei står for, men av fargen på bilane dei sit i.
Den førre borgarlege statsministeren med fleirtal bak seg var Kåre Willoch då «utgiftspartiene» Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet gjekk inn i Høgres mindretalsregjering etter Johan J. Jakobsens pinsetale i Setesdal. Willoch har brukt mykje restarbeidskraft på å «beriktige» at det var ei ny regjering: Det var ei utvida regjering, og det er derfor feil å tala om Willoch I (1981–83) og Willoch II (1983–86).
Erna Solberg slepp det maset, for sjølv om ho nå styrer på den tredje plattforma, er det ingen tvil om at det er same regjering. Det er dei politiske realitetane som tel, og det er kontinuitet i omdanningstoget – berre med litt kristeleg og liberal kakepynt og nokre fleire tenk-på-eit-tal i klimapolitikken. Den solbergske parlamentarismen skal strammast til: lojalitet innetter i regjeringa, rom for frispelarar i offentleg debatt, men partipisk når det kjem til alvor i Stortinget.
Spaltisten har tidlegare brukt ordet sjupartiregjering. Det er feil: Det er ei tre-og-ei-halvt-parti-regjering. I Venstre er skeptikarane valsa over av Grande. Framstegspartiet har fått nokre faneformuleringar som held dei sjølvstyrte områda i ro. I Kristeleg Folkeparti er det så mange drivkrefter at berre halve partiet er med på ferda. Og for at regjeringskabalen skulle gå opp, har Høgre og Framstegspartiet nå to departementslause statsrådar kvar (fiskeri og digital, eldre og samfunnstryggleik), og Kristeleg Folkeparti éin (utvikling).
Då dei fire regjeringspartia hadde sondert og drog på stemnemøte i ei boble ved søsterkyrkjene på Hadeland for å «utrede muligheten for å bli kjærester», var loddet kasta. Med peiskos og gråt fanga bordet underlege sengekameratar som har bygd partiidentitet på fiendskap seg imellom. Dei fann ikkje saman i kjærleik, men dei store av fornuft og dei små i dødsangst. Når du ikkje får den du elskar, får du prøva å finna ut av det med den du kan få.
Nå skal dei henga saman i gjensidig mistillit og respekt i vonde dagar for ikkje å bli hengde kvar for seg. Med dette som bakteppe: Jo fleire parti som blir med i Høgre-regjeringa, jo mindre populære blir desse partia i veljarfolket.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det politikarar meiner, står dei
for til dei må meina noko anna.
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.