Dei farlege frigjeringsdagane

Det kunne gått heilt gale i maidagane for 75 år sidan. Rikskommissær Josef Terboven hadde planar om å halda fram kampen frå Festung Norwegen.

Josef A. H. Terboven (sentralt i biletet) var rikskommissær i Noreg frå 24. april 1940. Terboven tok livet sitt på Skaugum 8. mai 1945.
Josef A. H. Terboven (sentralt i biletet) var rikskommissær i Noreg frå 24. april 1940. Terboven tok livet sitt på Skaugum 8. mai 1945.
Publisert

Under krigen gjekk kunstmålaren John Paulsen ofte heim til huset sitt, ei vakker tømmerkoie i Nybuvegen 28 på Lillehammer. I kjellaren hadde Wehrmacht flytta inn, i januar 1945, og rigga til ein sambandssentral for å kommunisera med Berlin. Men i desse siste dagane av krigen gjekk meldingane frå Nybuvegen til Flensburg ved danskegrensa. Det var der storadmiral Karl Dönitz heldt til etter at Føraren hadde utnemnt han til etterfylgjar.

I hagen til familien Paulsen stod eit digert tretårn som fungerte som antenne, i kjellaren var det eit virvar av telefonar, teleksmaskiner og tyske telefondamer. Sjølve hovudkvarteret var på Lillehammer Turisthotell, eit par hundre meter lenger nede i bakken. Det tredje riket var på fallreipet. General Franz Böhme avventa signal frå Tyskland. Den 29. april hadde Der Führer skote seg i bunkeren, kjempande til «siste åndedrag mot bolsjevismen», som det heitte i nekrologane.

Noreg sist

Alt var ope i Noreg desse maidagane. I Festung Norwegen stod 365.000 soldatar kampklare. I tillegg hadde NS mellom 10.000 og 12.000 mann. I Noreg var det til det siste uklårt når den tyske kapitulasjonen ville koma, om i det heile.

Familien Paulsen var del av dette dramaet. Dei kunne ikkje vera i heimen i Nybuvegen etter at tyskarane hadde teke over huset, men budde i nabolaget. John hadde fått tak i ei korg med sild ein dag. Langsmed Nybuvegen var russiske krigsfangar utkommanderte til å grava ut grøfter til sambandssentralen. John velta ut korga med sild til dei. Ein annan gong hadde kona hans, Frida Paulsen, sett ut ei gryte kokte poteter til fangane. Ein tysk soldat var utplassert ved inngangsporten i nr. 28. Han sytte for at alle fangane fekk sine tilmålte rasjonar, og at ingen tok for mykje. Ein augneblink av sams humanitet.

Morten, sonen i huset, åtte år då, hugsa at han fekk smugla inn ein matpakke til fangane under gjerdet. Som takk og gåve fekk han ein vakker fugl i ståltråd. Russarane kunne vera kunstnarar med ståltråd og tre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement