Arkitekturpolitikk utan folkeleg medverknad
Arkitekturopprøret på sosiale medium har skapt debatt i avisene. Diskusjonen går høgt om arkitekturen skal vera klassisk eller modernistisk. Men problemet ligg ein annan stad. Det handlar om eit krav i plan- og bygningslova som ingen bryr seg om, kravet om medverknad.
Kunstnar Nikolai Astrup var på fest på Jølster hotell, som står i fare for å bli rive. Men minister Nikolai Astrup har neppe vore der, og han kjem nok ikkje dit heller, trur Ronny Spaans.
Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons
På sosiale medium finst det ei gruppe som kallar seg Arkitekturopprøret. I januar var det berre 3000 medlemer på Facebook-sida. No er det 17.000. På Instagram er rørsla endå større. Åttande april hadde kontoen 24.000 fylgjarar, i dag, berre 14 dagar seinare, har gruppa om lag 50.000 fylgjarar.
Der peikar folk på den stygge arkitekturen i landet og på den store makta eigedomsutviklarar har. Det er eit overveldande tal på private reguleringsplanar i landet. Det er Olav Thon-gruppa (særleg gjennom AMFI kjøpesenter), Stordalen, Coop og andre kjeder som fører an.
Arkitekturopprøret har ført til reportasjar og kommentarar på NRK og i avisene. Mange kommentarar leverer kritikk av altfor mektige utbyggjarar, men dei greier likevel ikkje la vera å synse om stil, for dei synest tilhengjarar av opprøret er så konservative. Skal arkitekturen vera klassisk eller modernistisk? Er arkitekturen i hovudstaden no verkeleg stygg, eller er han berre «keisam»? Aftenposten meiner det siste.
Temaet er òg for viktig til at fokuset berre skal liggje på profittkåte utbyggjarar, som Klassekampen skriv om. I Noreg er det staten og kommunane som har såkalla reguleringsmynde, det er dei som avgjer kva som skal byggjast i landet og korleis det skal sjå ut. Det er nett her det sviktar totalt.
Lite medverknad
Heile kapittel 5 i plan- og bygningslova handlar om medverknad: «Enhver som fremmer planforslag, skal legge til rette for medvirkning. Kommunen skal påse at dette er oppfylt i planprosesser som utføres av andre offentlige organer eller private.» Jamvel om det er private, som Olav Thon eller Coop, som i dag kjem med planforslag, skal altså kommunen «påse» at dette kravet blir oppfylt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.