Antisystempartia undergrev EU

Autoritære krefter i Russland og USA har no eitt mål felles: å svekkje EU for å styrkje eigen posisjon.

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Vi som lærte internasjonal politikk av den legendariske Jens A. Christophersen i 60- og 70-åra, fekk med oss to poeng: Den som skal skjøne samvirket mellom nasjonane, må aldri sjå etter konsistens. Nasjonar handlar ikkje etter slike reglar.

Dinest: Ikkje høyr kva statsleiarane seier, sjå kva dei gjer. Og gløym ideologien. Det som tel, er makt og interessene til nasjonane.

Den som skal forstå internasjonal politikk nett no, gjer klokt i å tenkje gjennom omgrepa vi nyttar for å skjøne alt som skjer, og tenkje i heilt nye omgrep.

Eg har ein hypotese: Det skjer no ei underleg samansmelting av antiliberale, antikosmopolitiske rørsler og tankeformer over Atlanterhavet og til Ural med felles mål: å undergrave det europeiske prosjektet, EU, med det ytste høgre i Europa som medalliert og med trugsmålet frå Kina i bakgrunnen.

Aksen det dreier seg om no, er nasjonal identitet og nynasjonalisme, altså innvandring og konkurransepress frå den globaliserte økonomien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement