JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Algoritmane ser deg

Eg vil ikkje sjå ein TV-serie eg veit eg likar. Overrask meg heller med noko eg ikkje visste eg ville lika.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kevin Spacey i ei scene frå Netflix-serien «House Of Cards».  Produksjonen er  lagd på is etter skuldingar om at Kevin Spacey har trakassert unge gutar.

Foto: David Giesbrecht / Netflix / AP Photo / NTB scanpix

3800
20190510
3800
20190510

Medan eg ser på Netflix, ser Netflix på meg. Eg ser på seriar. Dei ser kva tid eg tek pausar, kor lenge eg vert vekke frå skjermen og om eg avsluttar episoden før han er ferdig. Dei veit kva eg ser på, kva eg ikkje ser på, kva eg ser om att, og kva eg berre ser 20 minuttar av og aldri ser igjen.

I det heile: Alt eg gjer på portalen, vert registeret. Informasjonen brukar dei til å laga ny TV skreddarsydd for brukarane.

Spådd suksess

I 2013, då Netflix satsa på House of Cards, hadde dei god grunn til å slå fast at serien ville verta ein suksess alt før han kom. Serien vart laga på grunnlag av data samla frå 33 millionar brukarar. Netflix visste at mange av dei såg seg gjennom heile repertoaret til regissør David Fincher, og alle filmar med hovudrolleinne­havar Kevin Spacey hadde gjort det godt på strøymetenesta. I tillegg var den britiske utgåva av serien populær.

Algoritmane, altså oppskrifta dei fylgde basert på data frå brukarane, spådde ein storsuksess. Same oppskrift har dei fylgt sidan. Berre i 2018 produserte Netflix meir enn 1500 timar med eige materiale. Det vil ta ein sjåar over fire timar dagleg året gjennom for å halde seg à jour.

Har ikkje ein sjanse

I eit intervju med magasinet GQ fortel film- og serieskapar Cary Fukunaga om korleis sjåarane verkar inn på resultatet. Mannen bak mellom anna fyrste sesong av True Detective og filmen Beasts of No Nation (2015) seier algoritmane rår over kreativiteten når Netflix lagar fjernsyn.

– Netflix veit nøyaktig korleis sjåarane deira ser på ting. Dei kan lesa noko eg skriv, og seia: «Me veit, basert på data, at om du gjer dette, vil me mista så og så mange sjåarar.» Eg har ikkje ein sjanse. Algoritmeargumentet vil alltid vinna.

Ved å spegla vanane våre har Netflix blitt den største video­operatøren i verda, med rundt 300 millionar brukarar.

Dei legg heller ikkje skjul på at dei fylgjer med. I desember skreiv strøymetenesta denne twittermeldinga: «Til dei 53 personane som har sett Juleprinsen kvar dag dei siste 18 dagane: Kven har vore stygg med dykk?»

Opium for folket

Hypotese: Dess meir data Netflix lagrar, dess meir avhengig vert folk av serien. Netflix veit nett korleis dramaturgien skal vera for at eg sjå neste episode, og helst med det same.

Det er som om eg spenner fast beltet og vert med i ein berg-og-dal-bane. Slik sit eg fastspent og i same posisjon ut i dei seine nattetimane. Eg kan ikkje gå av før turen er ferdig. Fyrst når eg er i mål, slepp eg fri.

Så sit eg der att etter siste episode, ofte med ei tom kjensle innvendig.

No prøver eg å leva etter det fyrste skjermbodet mitt: Du skal ikkje slå i hel tid.

Pustepause

Sullivan’s Travels (1941) er ein satire over den hollywoodske samleproduksjonen av lettbeinte filmar. Me møter filmskaparen Sullivan, som dreg ut på landevegen på jakt etter den store og sosialt relevante film­ideen. På ekte amerikansk komedievis hamnar han i fengsel, og fylgjer med når dei innsette får dra på ein etterlengta kinokveld. Sullivan får ei openberring når det er teiknefilm med Pluto dei får sjå. Medfangane elskar den enkle underhaldinga.

Kanskje det er dette me treng? Det moderne livet er ei kvern som mel deg opp. Me treng ein pustepause, og ein serie er lett å ty til.

Med det i bakhovudet vil eg likevel koma med ein åtvarande peikefinger. I romanen Infinite Jest (1996) skisserte David Foster Wallace ei nær framtid: Det vil koma ein film så underhaldande at dei som ser han, mistar interesse for alt anna enn å sjå filmen om att og om att, heilt til dei døyr.

May Linn Clement er journalist i Marsteinen og fast teiknar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis