Å blåse ei kjelde
Forholdet mellom fotballmagasinet Josimar og Norges Fotballforbund har surna. Det har ført til ein debatt av offentleg interesse.
Anonyme kjelder i pressa kan vere omkransa av ein viss mystikk. Kva for ein deep throat har ytra seg, beskytta av det heilage kjeldevernet i pressa, for å få fram ei sanning som elles ville vore skjult?
Den anonyme kjelda i «Josimar-saka», som er blitt debattert i somme aviser i vår, er på ingen måte ein deep throat som i Watergate-saka. Tvert om er kjelda ein maktperson med sparsame opplysningar og sterke eigeninteresser.
Sjokkerande lesing
Lat meg, så kort som mogleg, oppsummere. Fotballmagasinet publiserte for eit drygt år sidan ei oppsiktsvekkjande sak om norsk kvinnefotball. Vi kunne lese om korleis dåverande kommersiell direktør i Norges Fotballforbund (NFF), Erik Loe, under eit konkret møte på Ullevaal Stadion sommaren 2017, avviste Obos-sjef Daniel Kjørberg Sirajs interesse for å støtte norsk kvinnefotball med fleire millionar (Loe har sidan avvist denne versjonen).
Saka var utan tvil god – og utløyste eit like utvilsamt krav om samtidig imøtegåing frå NFF-direktøren. Her svikta Josimar første gong. Redaksjonen meinte det var nok å ringje Loe (som ikkje tok telefonen) og sidan sende han ein generell SMS om at han vart kritisert.
For lukka dører
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.