JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

🎧 Religionskritikk, snikislamisering og brunbeising

Religionskritikk er sjølve hjarteblodet i den moderne vestlege sivilisasjonen. Utan religionskritikk er det umogleg å sjå føre seg Vesten slik me kjenner det i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6305
20190927
6305
20190927

Lytt til artikkelen:

Den største religionskritikaren gjennom tidene, vil eg hevda, var Martin Luther. Gjennom oppgjeret med pavekyrkja slo han fast at ingen kan gjera krav på å vera ufeilbarleg når dei uttalar seg om Gud, verda og dei evige spørsmåla. Ved å ta oppgjeret med pavekyrkja, som hadde eit klart ynske om å brenna Luther på bålet, endra han historia. Luther la – meir enn nokon annan i vår kulturkrins – grunnlaget for at dei nordvesteuropeiske landa gjekk frå å vera kollektivistiske, som dei hadde vore i mellomalderen, til å bli individuelt baserte.

Resten – utviklinga av demokratiet, menneskerettstenkinga og dei moderne velferdsstatane – er historie, som det heiter. Utan Luthers ramsalte kritikk og nedrakking av pavekyrkja på 1500-talet hadde samfunna våre sett heilt annleis ut i dag. Demokratiet og likskapstanken har i hovudsak (ikkje berre, men altså i hovudsak) utvikla seg der protestantismen slo gjennom. Om paven hadde lukkast med å brenna Luther og alle dei andre reformatorane på bålet, ville samfunna våre likna meir på mellomalderen, mindre på det moderne.

Redd for kristendomen?

Vesten er altså tufta på religionskritikk. Då må det vera lov å stilla spørsmålet: Korleis står det til med religionskritikken i vår tid? Ein har sjølvsagt til gode å finna nokon som er redde for å kritisera kristendomen og kyrkja. Kristendomen, fyrst den katolske og sidan også den protestantiske, har vore kritisert og karikert i 500 år no, og det vil heilt sikkert halda fram. Når det gjeld den andre store verdsreligionen, islam, er stoda ei anna: Kritikk av islam blir både på venstresida og blant mange liberale sett på som lite stovereint. Dei som kjem med slik kritikk, blir fort skulda for å ha vikarierande motiv: Dei er ikkje ute etter religionen islam i og for seg, men dei er ute etter muslimar flest. Når ein er det, er ein ute på ein farleg veg mot noko som heiter rasisme. I den båsen er det ingen som vil bli sett.

Paradoksalt nok har to motsette fenomen gjeve bidrag til at det har vorte slik: Kvar gong det har skjedd ei muslimsk terrorhandling i Europa dei siste åra, har det politiske etablissementet vore raskt ute og sagt at dette har ingenting med islam å gjera. Den som hevdar at det faktisk finst ein samanheng mellom delar av tekstane i Koranen og den politiske valden til moderne jihadistgrupper, blir då lett skulda for å gjera livet til uskuldige muslimar i Vesten vanskelegare. Så når terroristar med opphav i den europeiske middelklassa går laus på muslimar, blir det spesielt av venstresida sett på som ei stadfesting av den rasismen som gjennomsyrer samfunna våre. Ingen ynskjer å bli slegne i hartkorn med desse valdsmennene. Dimed er det endå ein god grunn til å seia minst mogleg.

Resultatet er at mange vestlege akademikarar, dei som skulle ha vore i fyrste rekke i kampen for fridom, styrer unna debatten om islam. Nokre står til og med fram som apologetar for religionen, fordi dei ser på islam og ikkje minst islamismen som ein reaksjon på vestleg imperialisme i den tredje verda. Vesten kan takka seg sjølv for revolusjonen i Iran og for Taliban i Afghanistan. Då blir det viktigare å kritisera Vesten enn å kritisera ein reaksjonær religion.

Men kva kan ein seia?

Så kan ein sjølvsagt stilla spørsmålet: Kan ein seia kva ein vil i religionskritikkens gode teneste? Sjølvsagt kan ein ikkje det, og denne grensa er det fullt mogleg å trekkja: Ho går ved vernet om enkeltpersonar. Enkeltpersonar har rett til å bli verna mot trugsmål, usanningar og sist, men ikkje minst, mot valdshandlingar. Her må dei vestlege rettsstatane vera krystallklare.

Om me opererer med ei slik grense, kva skal ein då seia om eit omgrep som til dømes «snikislamisering», som Siv Jensen igjen nytta i valkampen no i haust. Abid Raja prøvde å gjera utsegna hennar illegitim ved å kalla det for «brun propaganda». Med det signaliserte han at finansministeren i Noreg stod i same åndelege tradisjon som nazistane. At juristen Raja seinare hevda at han ikkje visste at det var likskapsteikn mellom «brun» og «nazist», står lite til truande.

At det er godt innanfor ytringsfridomen å operera med ordet «snikislamisering», blei det vel semje om etter nokre debattrundar. Men er det eit godt uttrykk? Dette er ei heilt anna sak. Når ein hengjer ordet «snik» på eit eller anna, kjem det fram ein dåm av noko konspiratorisk, altså at nokon tek del i ei samansverjing. Sjølvsagt er det ikkje snakk om noko islamsk komplott mot Noreg. Det det er snakk om, er at delar av den muslimske leiarskapen i Noreg ope og ærleg ynskjer å tilpassa Noreg til islamske verdiar. Me såg det tydeleg då ein i 2006 freista å få til eit forbod mot at nokon skulle laga karikaturar av religionsstiftaren Muhammed. Denne kampanjen hadde ikkje preg av å vera løynd. Imamane og Islamsk Råd Noreg fekk til og med pengestøtte av norsk UD slik at dei kunne leggja ut på ei mykje omtalt reise til Midtausten. Der forklarte dei det norske synet på karikaturstriden for mellom andre Adolf Hitler-beundraren Yusuf al-Qaradawi.

Demonstrasjonen i Oslo til støtte for ayatolla Khomeinis fatwa mot boka til Salman Rushdie i 1989 var heller ikkje skjult. Då sentrale personar i den viktige moskeen Central Jamaat-e Ahl-e Sunnat i Oslo, med imam Nehmat Ali Shah i spissen, i 2016 støtta ein islamistisk drapsmann i ein demonstrasjon utanfor den pakistanske ambassaden, var det igjen ikkje på noko vis fordekt. Også det skjedde heilt ope.

Meir likt Midtausten?

At det har vore krefter i det islamske miljøet i Noreg som både i 1989, i 2006 og i 2016 har ynskt å gjera Noreg meir likt Midtausten, har med andre ord vore klart heile tida. Verdsbiletet som pregar store delar av den etablerte muslimske leiarskapen i Midtausten, finn me att i mange av, men heldigvis ikkje i alle, moskeane i Noreg. At me kritiserer dette i dag, er like viktig som kritikken av pavekyrkja på 1500-talet.

Halvor Tjønn er journalist
og forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Når ein hengjer ordet «snik» på eit eller anna,

kjem det fram ein dåm av noko konspiratorisk,

altså at nokon tek del i ei samansverjing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis