¿ Når politikarane vert hasjprofetar
Valmateriellet til Unge Venstre bind velvære, frigjering og friluftsliv saman med hasjrøyking og rusmisbruk.
KOMMUNEVALKAMP: Rein natur med grøn eng, skog og blå himmel der den narkotiske røyken glir i eitt med godvêrsskyene.
Lytt til artikkelen:
Ved Breivang videregående skole i Troms vart samfunnsfaglæraren Bård Altmann filma då han ville hindra oppsetjing av ein valplakat som ikkje berre gjekk inn for legalisering av cannabis, men framstilte legaliseringsrørsla som ein fridomsstrid og indirekte romantiserte bruken av cannabis. Sidan denne politiske cannabisreklamen vart freista sett opp på ein skule der fleirtalet av elevane er mindreårige, greip læraren inn.
Lite ante han vel at han for dette skulle verte hengd ut på internettet og få statsministeren og fleire statsrådar etter seg. På si side hadde han både skulesjefen i Troms og Norsk Narkotikapolitiforening, og han må ha trudd at ein samfunnsfaglærar lyt gripa inn mot ufarleggjering av narkotika.
Men han visste kanskje ikkje kor liberale norske politikarar kan vere i denne saka. Til dømes er Venstre-byråden i Bergen Erlend Horn hovudansvarleg for ein politikk som fører til at politiet i Bergen ikkje grip inn mot openlyst sal og openlys bruk av narkotika på gata.
Ein kunne nesten seie at den legaliseringa som Unge Venstre går inn for, langt på veg er gjennomført i Bergen, sjølv om vi enno ikkje har ei rekkje hasjutsal i regi av det statlege Cannabismonopolet som ungdomspolitikarane ser for seg, om ein då ikkje vil ha denne løfterike verksemda i privat regi. Trass i denne liberaliseringa, som Unge Venstre meiner skal føra til mindre misbruk, held misbruken fram som før, og delar av Bergen sentrum er vorte ein open russcene for sal og bruk av narkotika.
Rollekaoset
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.