JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

🎧 Å seia éin ting, men gjera stikk motsett

Då han blei president, lova Donald Trump å avslutta dei amerikanske krigane i Midtausten. Med likvideringa av Qasem Soleimani legg han opp til nøyaktig det motsette.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5757
20200110
5757
20200110

Lytt til artikkelen:

Ingen veit kor mykje Midtausten-engasjementet har kosta det amerikanske samfunnet etter 2001. Fleire tusen unge amerikanske kvinner og menn er drepne, og fleire titusen er skada, ofte for livet. Ser ein på utlegga i pengar, er anslaga endå meir usikre: Det kan ha kosta amerikanske skattebetalarar to, tre eller fire tusen milliardar dollar, det vil seia ein stad frå to til fire norske oljefond. I tillegg kjem alle dei katastrofale kostnadene for folka og landa i Midtausten.

Kva er resultata av dette engasjementet, som har gått over nesten to tiår? Jau, invasjonen i Irak førte til at ein diktator blei fjerna, samstundes som det irakske samfunnet blei kasta ut i ustabilitet. Vegen blei opna for IS. Dessutan blei Iran – erkefienden til USA – ein avgjerande maktfaktor i Irak. Når det gjeld Afghanistan, er samfunnet der like ustabilt som før. Den dagen amerikanarane dreg seg heilt ut, tek antakeleg islamistrørsla Taliban over på ny.

Mislukka region

Difor var det klok politikk då Trump før presidentvalet i 2016 sa at han ville avslutta dei amerikanske krigane i Midtausten. For det fyrste var amerikanarar leie av krigar som aldri såg ut til å ta slutt. Dessutan er Midtausten – om ein ser det i eit større perspektiv – ikkje ein viktig del av den moderne verda. Regionen har olje, men er ikkje lenger ein så dominerande leverandør som før. Landa i regionen er teknologisk tilbakeliggjande, prega av klan- og stammerivalisering. Den islamistiske bølgja dei siste tiåra har gjort Midtausten endå mindre i stand til å gå inn i moderne tid.

I staden for å gjera fåfengde forsøk på å endra på Midtausten måtte USA konsentrera seg om å utvikla sitt eige samfunn, blei det hevda frå Trump-kampanjen før valet i 2016. Den einaste verkeleg store konkurrenten til USA på det globale planet vil vera Kina. Det var viktig å gje tryggingsgarantiar til USAs allierte i Aust-Asia, som Japan, Sør-Korea og Taiwan. Midtausten var og blei ei blindgate, blei det slege fast. Mange amerikanarar, også i det demokratiske partiet, var einige med Trump-leiren i denne analysen.

Det var difor eit logisk steg for Trump då han i haust fall dei syriske kurdarane i ryggen og avslutta hjelpa til dei. Problemet med å trekkja dei små, attverande amerikanske styrkane ut av Syria, var at ein der fekk mykje igjen for pengane ein investerte. Ved å vera til stades i dei kurdiske områda av Syria støtta USA ei etter forholda moderne og progressiv rørsle mot det brutale, russisk-støtta Assad-regimet i Damaskus. Så konsekvent såg Trump ut til å vera i Midtausten-strategien sin at han likevel trekte den amerikanske støtta attende.

Usedvanleg uklokt

No har elles ikkje logikk og konsekvens vore det som har prega presidentperioden til Donald Trump mest. Men om ein ser på det som var den breie konsensusen i amerikansk utanrikspolitikk – nemlig å trekkja engasjementet i Midtausten ned – står likvideringa av den iranske kommandanten Qasem Soleimani den 3. januar i år fram som usedvanleg uklokt.

Etter at Soleimani blei drepen, sende amerikanske diplomatar via omvegar signal til den iranske leiinga om at det ikkje vil skje noko meir om det ikkje kjem eit iransk svar.

Problemet er at iranarane lever i ein region der hemn og ære er grunnleggjande omgrep. USA er eit moderne samfunn og difor ikkje bygd opp kring dei same førestillingane. Når det kjem til forsvaret av USAs prestisje i verda, er likevel ein kvar amerikansk president forplikta til ikkje å visa nokon form for veikskap. Til saman er iransk hemnlyst og amerikansk forsvar for eigen prestisje ei livsfarlig blanding.

Rett nok ser den fyrste iranske reaksjonen på likvideringa ut til å vera moderat. Sveitsarane, som tek vare på amerikanske interesser i Iran, fekk varsel om rakettåtaket onsdag mot dei amerikanske basane i Irak. Då rakettane slo ned, blei ingen drepne. Likevel er det fullt mogleg at det kjem andre iranske reaksjonar dei neste vekene og månadene. Store delar av det iranske politiske og religiøse etablissementet kjenner seg sterkt utfordra, det same gjer dei mange allierte som Iran har i Midtausten. Om iranarane til dømes om ein månad senkar eit amerikansk skip, vil det heilt klart vera eit casus belli – ei årsak til krig.

Så spent er situasjonen at sjølv små episodar kan få Trump til å senda forsterkingar til Midtausten. Iran kan då koma til å senka fleire skip eller senda ut fleire rakettar. Om det kjem til ein full konfrontasjon, vil USA ikkje ha store problem med å knusa mesteparten av den militære og sivile infrastrukturen i Iran ved å nytta langtrekkande våpen. Verda vil då oppleva ei av dei største flyktningbølgjene i historia når delar av den 80 millionar store befolkninga freistar å forlata Iran. Same kva USA gjer, bortsett frå ein bakkeinvasjon, vil ein ikkje klara å stogga det iranske atomprogrammet. Innan nokre få år vil mullah-regimet, eller kven som måtte sitja med makta i Teheran, ha skaffa seg atomvåpen.

Fast i hengemyra

Ilan Goldenberg, som tidlegare har vore Iran-ekspert i det amerikanske forsvarsdepartementet, skreiv i fjor i tidskriftet Foreign Affairs at om det kjem ei utvikling som dette, vil USA i fleire år framover bli ståande fast i hengemyra i Midtausten. Dei som vil gleda seg og dra nytte av stoda, er sjølvsagt makter som Kina og Russland. Dette vil bli eit stort problem for alle vestlege land, ikkje minst for Noreg.

Halvor Tjønn er journalist og forfattar og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Likvideringa av den iranske kommandanten Qasem Soleimani den 3. januar i år står fram
som usedvanleg uklokt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis