Musikk

Komiske biroller

DVD

Claudio Monteverdi:

L’Orfeo

Chor, Ballett und Monteverdi-Ensemble des Opernhauses Zürich; dir.: Nikolaus Harnoncourt. Deutsche Grammophon 1978/2006

I 1978 var denne Opernhaus Zürich-produksjonen av Orfeo ein milestein i gjenoppdaginga av Monteverdis operaar, ein renessanse auster-
rikaren Nikolaus Harnoncourt, som her dirigerer, var ei drivkraft bak. Ja, prestasjonane på denne steingamle innspelinga er på mange måtar utdaterte: I dag spelar ein 1600-talsinstrumenta med langt større teknisk overskot, dei tidlegbarokke ornamenta hjå songarane kling tidvis halvhjarta, iscenesetjinga minner litt for mykje om Tre nøtter til Askepott, og Orfeus er så tungt sminka at han mot slutten ser ut som ein dårleg utstoppa røyskatt i andletet. Likevel har Zürich-oppsetjinga noko – den musikalsk betre – innspelinga med Jordi Savall frå 2002 vantar: ein komisk lettskap i birollene. Dirigenten Harnoncourt får slik fram at Monteverdi ikkje berre ville danna tilhøyrarane med operaen sin; han ville òg underhalda dei.