I dag lyt eg byrja med ei oppfordring til alle lesarane av Dag og Tid: Betal abonnementet snarast mogleg. Dessutan: Ring gjerne til eit søskenbarn og ein tremenning og overtyd dei om at alt som skal til for at vinteren skal verte fin, er eit abonnement på avisa du les no. Kvifor dette maset frå boklækjaren? Jau, bladstova treng pengar.
Sist år sleit eg med å få nokre – det vil seie alle – reiserekningar godkjende. Difor vil eg i år gje att med same mynt: For å gjere det uoverskodeleg og greitt har eg samla kvitteringane frå studieturane i ein stor plastpose. Saman med posen ligg det ein papirlapp der eg gjev eit vink om raus og rimeleg refusjon. Skulle rekneskapsføraren igjen vise seg småskoren og granske alle kvitteringane med argusauge, kjem han til å få seg ei overrasking når rekningane frå Serbia syner seg. I Beograd fekk eg nemleg alle kvitteringane skrivne med kyrilliske bokstavar. Slik skal det gjerast.
Frå reiserekningar til Ei vinterrreise. Laurits Killingbergtrø skriv: «Du gjekk ikkje over bekken etter vatn denne gongen, Medikus, anna glytte over til neste side i Dag og Tid. Ragnar Hovland er forfattaren, med namnedag 25. mai. Men boka fann eg først da eg såg på Wikipedia og oversynet der over bøker frå 2001. Det plar langt frå vere noko fyldig oversyn over norske bøker der, men denne gongen står romanen Ei vinterreise av Hovland. Så var det ’lurespørsmålet’. Jau, tante Frida syng verkeleg som ei gudinne, meiner iallfall Tomas i Dalen der han er på vitjing hos henne saman med Liv og eg-personen Lindemann i boka. Og det er ikkje noko enkelt tra-la-la som tanta inviterer til. Ubeden vel ho sjølv å syngje ’Can this be love’ og ’Someone’s rocking my dreamboat’, framført med djup røyst og med vinglaset i handa, slik forfattaren skildrar det. Det må vere litt av ei tante!»
Mads Braarud skriv: «Om ein klaskar saman avisa, så legg (delar av) svaret seg over frå Innsida. Forfattaren er Innsidemannen Ragnar Hovland, og boka er Ei vinterreise, og tanta er den flotte Frida. Av ein eller annan grunn likna stilen (kontrastbruken?) umiskjenneleg på Hovland, og ein sjekk av namnedagar og bibliografi gav det meste av svaret. Eg hadde ikkje lese boka, så eg slo opp for å bla for å finne denne tanta, og sanneleg: Det var ei tante Frida på første sida eg slo opp på! Sidan Lækjaren meinte det var ein ’nydeleg roman’, så fann eg ut at eg måtte lese heile stasen for å sjå om der fanst fleire tanter. Det gjorde det ikkje, men eg forsvann for første gong på lenge inn i ei bok og vart der til ho var lesen. (Kan hende er det slik det vert etter kvart som ein vert eldre?) I alle høve: Takk for ei kjærkomen tilråding!»
Desse har vore ute ein vinterdag før og fann fram til løysinga på oppgåve 1356: Jon Grepstad, Gunn og Jacob Bull-Berg, Petter Kristensen, Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, John Olav Johnsen, Eirik Holten, Eli Søyland, Odd Storsæter, Torleiv Kløve, Else Bovim, Jorunn Øxnevad Lie, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Jorunn Røyset, Turid Tirevold, Kirsten Bakke, John André Nergaard, Truls Johan Horsberg Hoff, Berit Horsberg, Per Skjæveland, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Robert Øfsti, Inger Astrid Ullestad, Nils Ottesen, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Audun Gjengedal, Per Trygve Karstensen, Kjell Helge Moe, Pål Amdal, Mads Braarud, Olav Holten, Sjur Joakim Fretheim, Odd Storsæter, Truls Songstad, Ove Bjørkhaug, Folke Kjelleberg, Eli Winjum, Inger Anne Hammervoll, Olav Larsen, Magnhild Reisæter, Oddvar Bentsen, Rannveig Nordhagen, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Asbjørg Apalset, Fritjof Lampe, Laura Killingbergtrø, Eva Sunde, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Sverre Hetland, Tor Inge Myren, Sissel Galåen, Anne Berit Skaarer, Tore Skjæveland, Marit Lindberg, Bjørn Gjermundsen, Ingvar Engen, Olav Molven og Gjertrud Fanebust. Bokvinnaren heiter Sverre Hetland. Gratulerer!
Kan hende sit nokre av dei faste lesarane og spekulerer på om boklækjaren denne gongen valde løysingsbok ut frå litt meir enn dei litterære kvalitetane. Somme er moglegvis så uhumske i tankegangen at dei vil antyde at det bakom valet òg ligg eit ynske om å verte invitert på pappvinfestival i Jølster neste år. Eg må på det sterkaste ta avstand frå den type mistenkeleggjering, og kan garantere at tanken ikkje har streifa meg. Det er hundre prosent sikkert. Nesten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.