Verdas vrangaste restaurantI New York ligg nokre av dei beste restaurantane i verda. Du finn mat frå alle kulturar i heile verda. Somme meiner til og med at dei beste italienske restaurantane på kloden ikkje ligg i Italia, men i New York. Når ein i tillegg
I New York ligg nokre av dei beste restaurantane i verda. Du finn mat frå alle kulturar i heile verda. Somme meiner til og med at dei beste italienske restaurantane på kloden ikkje ligg i Italia, men i New York. Når ein i tillegg veit at dei mest italienske italienarane er dei amerikanske italienarane, er ikkje det så vanskeleg å tru på.
Dei beste italienske restaurantane i New York er verkeleg verde heile turen frå Europa. Nokre kjende er Il Gattopardo i West 54th Street og Gennaro’s i Amsterdam Avenue (viss nokon har tenkt seg over til det store eplet). Likevel er det ein annan italiensk restaurant Innsida skal presentera denne gongen. Ikkje fordi me har vitja han og smakt på maten. Neidå, det er nemleg umogeleg. På restauranten Rao’s i Harlem (114. gate) kan du ikkje tinga deg eit bord. Alle bord er opptekne. Dersom du skal vera så heldig at å få nyta den mykje omtala pastasausen, lyt du vera heldig og særs god til å planlegga. I november kvart år – dei seier ikkje alltid frå kva tid – sel dei ut alle borda for heile året som kjem. Faste gjester går føre i køen. Enden på visa er ofte at alt er oppteke før sånne som oss kjem inn i biletet.
Du kan naturlegvis møta opp og håpa at nokon ikkje kjem, men det hender visst særs sjeldan.
Innsida har ikkje smaka maten, og italienarar me har snakka med, seier at han ikkje er så spesiell, men sjølve ideen om å vera svært vanskeleg, gjer at me nok ikkje kjem til å gje oss for me har fått ein tallerk med Rao’s pasta og denne tomatsausen dei snakkar om, dei som har vore der. Lukke til!
Norske matskattar 16: sider
Ja, så kom me endeleg til sideren i spalta om dei norske matskattane. Spalta som no er inne i si sekstande utgåve, framleis utan så mykje som ei krone frå det offentlege, som vanlegvis pleier vera storsinna med slike initiativ som dette. Men Innsida tek jobben utan økonomiske bindingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.