Nett no les du nest siste utgåve av Dag og Tid før sommarferien. Me vonar lesarane meiner me har gjort oss fortente til ferie, men om nokon av dykk synest det er feil at me tek fri, er de velkomne til å kontakte oss. Diverre kan me berre godta protestar som blir telegraferte ved hjelp av morsealfabetet, eller som blir signaliserte til bokstova med semafor.
Sommarferie vil for mange seie at ein skal finne seg ei badestrand og plaske litt i det våte elementet. Det kan vere mykje ein skal passe seg for når ein er i vatnet. Me nemner i fleng: brennmaneter, kvithaiar og ubåtar på avvegar. Noko som var nytt for boklækjaren, var at det strengt teke ikkje er korrekt å seie at ein har bada i vått vatn når ein kjem opp frå sjøen eller havet. Ifylgje ordboka er nemleg «vått vatn» nemninga på vatn som inneheld ymse stoff som minkar overflatespenninga. Dette vatnet vert mellom anna nytta i flotasjon og til brannsløkking, men lesarane kan ta det heilt roleg om det skulle gleppe med det grammatikalske i sommarvarmen. Når boklækjaren held ferie, lèt me humla suse, og det er fritt fram for å tale i villa.
Også denne veka kom det hyggelege helsingar saman med kloke svar på bokgåta. Eit døme er frå trufaste Gunder Runde, som skriv:
«Har du verkeleg vore Kpb-redaktør i nesten 5 år? Det må vel vere rekordlenge. Mange gode stunder har eg hatt i desse åra, hald fram i 250 nummer til, så får me sjå kor lenge eg kan henge med på lasset! Gratulerer!
Og så var det dagens vesle nøtt, ein ny og ukjend forfattar for meg, kanskje ikkje så rart, sidan ho tidlegare berre har offentleggjort noveller i ein antologi og i Signaler 2018. Det er altså Ingrid Senje (Rasmussen) som er svaret i dag, og debutsamlinga hennar heiter Stupeteknikk. Ingrid Senje er fødd i Oslo i 1987, same året som Herbjørg Wassmo vart vinnar av Nordisk råds litteraturpris. Ho bur no i Milano og ser ut til å vere spesielt interessert i barnelitteratur. Førebels har eg berre lese éi einaste melding av boka, det er Stavanger Aftenblad (og Sofie Braut) som er først ute. Sofie Braut framhevar novella «Slepp» som den beste i samlinga, det er då også denne novella dagens utdrag er henta frå – mor og to born på hytta, i ein slags isolasjon frå faren i familien, med ekteskapsproblem i bakgrunnen. Og det som skal spadast ned, er ein daud rådyrkalv. Eg har lånt samlinga og skal kontrollere utsegna frå Sofie Braut...»
Toril Mesna skriv: «Takk til Medikus Libri, der oppdaga eg ein ny forfattar som kan skrive.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.