TemperaturmålingHelga før Song tenkte eg at det var lurt å reise ut i Europa og ta tempen på deltakarlanda og lodde stemninga blant folket. Eg begynte med Danmark, sidan eg hadde ein gratisbillett på
Helga før Eurovision Song Contest-finalen tenkte eg at det var lurt å reise ut i Europa og ta tempen på deltakarlanda og lodde stemninga blant folket. Eg begynte med Danmark, sidan eg hadde ein gratisbillett på danskebåten – 17 timar over, 5 timar i land og 17 timar tilbake er god valuta for null pengar. Eg jogga rundt – for å spare tid – i København og spurde folk kva dei meinte om det danske bidraget: Rasmussen og «Higher Ground» – ei vikinginspirert, men ikkje-valdeleg innpakning under snøfokk.
– Kva trur de om Rasmussen? spurde eg. – Kan han vinne?
Men nei, folk hadde ikkje tid til å svare, fordi det var vår, trur eg, og fordi dei åt raude pølser.
Eller kanskje dei ikkje skjønte kva eg sa, sidan eg snakkar godt norsk.
I alle fall blei eg glad då eg kom over to unge kvinner som ville uttale seg. Nakne var dei òg. (Det skal dei ha, danskane: Dei er frilynte.)
– Nei, men, sa dei, for det er slik dei innleier svar i Danmark.
– Nei, men Rasmussen er inspirert av norske Kristofer Hivju i Game of Thrones.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.