Smil etter smil
John Erik Wagner (Kærlighedspartiet), som har valt å framheve andre attributtar enn smilet på valplakaten sin, som han har brukt sidan 2015, vil ha borgarløn og meir klemming.
Då er det over, kommunal- og regionalvalet i Danmark, og eg er nøgd, særleg med
vorspielet: Eg tok båten ned og sprang inn i København, yr. Danskane har så mange og morosame parti, for ikkje å gløyme valplakatar en masse. Det er ein annan, festlegare flat klode.
Den første eg jogga forbi, i Nyhavn, var Turid Leirvoll frå Socialistisk Folkeparti. Ved sida av henne hang overborgarmeisterkandidat Sophie Hæstorp Andersen (Socialdemokratiet) og ropte: «Mere fælles. Mere lige. Mere grøn.» Dei smilte breitt.
Theresa Scavenius og Mikkel Bahl frå Klimapartiet Momentum smilte, Anastasia von Wildenrath Løvgreen frå Nye Borgerlige smilte. Eg smilte tilbake og jogga inn i Christianshavn, der Christian Kubel Højmose (Det Demokratiske Parti), Tommi Raalind (Københavnerlisten), Sally Khallash (Radikale Venstre) og kule Line Barfod (Enhedslisten – De Rød-Grønne) hang og smilte.
Eg var i Vesterbro og Nørrebro, og dei smilte, Hannibaal Skov Al Awssi (Det Konservative Folkeparti), Dan Taki (Venstre – Danmarks Liberale Parti) og politikarar frå Frihedslisten, Grøn Omstilling, Kristendemokraterne, Kommunisterne, Dansk Folkeparti, Danmark for Alle, Copenhagen, Rolig Revolution, Veganerpartiet, Hampepartiet, Bæredygtigt Samfunn, Feministisk Initiativ, Christiania-Listen, Kærlighedspartiet (Regnbuefolket / Befri Christiania) og – glis – Alternativet.
Eg skulle gjerne vore i Tønder og Skagen, der dei har andre parti, men hadde berre fem timar i Danmark og måtte spurte tilbake til båten. Men det var greitt, for eg var dritsliten i kjakane.
Sånn sett var det OK å komme heim til Støre. Han smiler eigentleg akkurat passe lite.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Då er det over, kommunal- og regionalvalet i Danmark, og eg er nøgd, særleg med
vorspielet: Eg tok båten ned og sprang inn i København, yr. Danskane har så mange og morosame parti, for ikkje å gløyme valplakatar en masse. Det er ein annan, festlegare flat klode.
Den første eg jogga forbi, i Nyhavn, var Turid Leirvoll frå Socialistisk Folkeparti. Ved sida av henne hang overborgarmeisterkandidat Sophie Hæstorp Andersen (Socialdemokratiet) og ropte: «Mere fælles. Mere lige. Mere grøn.» Dei smilte breitt.
Theresa Scavenius og Mikkel Bahl frå Klimapartiet Momentum smilte, Anastasia von Wildenrath Løvgreen frå Nye Borgerlige smilte. Eg smilte tilbake og jogga inn i Christianshavn, der Christian Kubel Højmose (Det Demokratiske Parti), Tommi Raalind (Københavnerlisten), Sally Khallash (Radikale Venstre) og kule Line Barfod (Enhedslisten – De Rød-Grønne) hang og smilte.
Eg var i Vesterbro og Nørrebro, og dei smilte, Hannibaal Skov Al Awssi (Det Konservative Folkeparti), Dan Taki (Venstre – Danmarks Liberale Parti) og politikarar frå Frihedslisten, Grøn Omstilling, Kristendemokraterne, Kommunisterne, Dansk Folkeparti, Danmark for Alle, Copenhagen, Rolig Revolution, Veganerpartiet, Hampepartiet, Bæredygtigt Samfunn, Feministisk Initiativ, Christiania-Listen, Kærlighedspartiet (Regnbuefolket / Befri Christiania) og – glis – Alternativet.
Eg skulle gjerne vore i Tønder og Skagen, der dei har andre parti, men hadde berre fem timar i Danmark og måtte spurte tilbake til båten. Men det var greitt, for eg var dritsliten i kjakane.
Sånn sett var det OK å komme heim til Støre. Han smiler eigentleg akkurat passe lite.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.