Siste skrik
I dag får Olav H. Hauge dei fyrste orda her i bokhjørnet: «Merkeleg kor styrkjande gode bøker er, ja, det er naudsynt å lesa store forfattarar, skal ein halda på hughelsa.» Denne forstandige formaninga skreiv Hauge sist veke, altso sist veke for 61 år sidan (Dagbok 24. oktober 1957). Me har alle saman dagar der det buttar imot, og eg vil gjerne gje ei hjelpande hand. Men det einaste boklækjaren har autorisasjon til å skrive ut resept på, er gode bøker.
Så til løysinga denne gongen. Konstruktive Gunder Runde skriv: «Den som bekymrar seg for kolrekninga er Ove Malling, journalist, og ein av innbyggjarane i ...-gata 27 nær Sankthanshaugen i Oslo, og datoen er 10. oktober 1930. Den sentrale personen i En dag i oktober av Sigurd Hoel (utgitt i 1931) er Tordis Ravn, ’ung, nydelig, fraskilt’, og med det noko tvilsame yrket mannekeng. Mennene i leigegarden drøymer om henne, kvinnene er sjalu. Og så endar det tragisk, med at Tordis Ravn tar sitt eige liv ved å hoppe ut gjennom vindauget. Og dermed er tilsynelatande alt i orden igjen, ’problemet’ med den ’lettsindige’ mannekengen er løyst, på best tenkjeleg måte. Hoel var fødd i Odal i 1890 (’Odalens største son’, som han stundom verte kalla), og døydde i 1960. Han var ein særs produktiv og allsidig forfattar, i tillegg til at han var journalist, litteraturkritikar, redaktør for tidsskriftet ’Mot Dag’ i 1920-åra, og seinare ein særs viktig person når det gjaldt å opne opp Noreg for den nye utanlandske litteraturen, som ansvarleg for den såkalla ’gule serie’, som Gyldendal forlag stod bak, og som introduserte m.a. tidlegare ukjende forfattarar som Ernest Hemingway og Franz Kafka for norske lesarar. Eg har to favorittar i Hoel sin produksjon. Nummer ein er den utrulege barneskildringa Veien til verdens ende frå 1933, og den andre er den første boka han gav ut etter krigen, Møte ved milepelen (1947), der han behandlar problemstillinga skuld/soning, med ’den plettfrie’ som hovudperson. Blant målfolk var nok ikkje Hoel særleg populær. Saman med Øverland og André Bjerke var han aktiv i kampen for ’en fri sprogutvikling’, og også blant initiativtakarane til Forfatterforeningen av 1952, som vart skipa som protest mot Norsk Språknemnd. Men dette bør ikkje hindre oss i å lese Hoel, som framleis har mykje å bidra med, også for dagens lesarar.»
Desse fekk hòl på Hoel og fann løysinga på oppgåve 1359: Gunn og Jacob Bull-Berg, Torleiv Kløve, Tor Inge Myren, Truls Songstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Ingebjørg Sogge, Nils Ottesen, Ingvar Engen, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn Røyset, Ragnhild Eggen, Ola T. Bjørntvedt, Truls Johan Horsberg Hoff, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Atle Aas, Gunder Runde, Berit Oksfjellelv, Inger Anne Hammervoll, Else Bovim, Signar Myrvang, Jon Grepstad, Gunnar Bæra, Per Skjæveland, Brith Stensen, Inger Astrid Ullestad, Bjørn Gjermundsen, Odd Storsæter, Berit Horsberg, Ove Bjørkhaug, Turid Tirevold, Ståle Ritland, Mads Braarud, Pål Amdal, Else Gjesdahl Sørensen, Laila Aase og Kari Marie Thorbjørnsen, Sigrid Hiller, Rannveig Norhagen, Eli Hegna, Jan Alfred Sørensen, Marit Lindberg, Torill Borge Horneland, Eli Winjum, Odd Storsæter, Janneken Øverland, Jan Eivind Myhre, Olav Larsen, Magnhild Reisæter, Brita Lundeland, Per Trygve Karstensen, Petter Kristensen, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Olav Molven, Robert Øfsti, Eirik Holten, Olav Holten, John Olav Johnsen, Kjell Helge Moe, Oddvar Bentsen, Laura Killingbergtrø, Sissel Galåen, Torleik Stegane, Asbjørg Apalset, Sjur Joakim Fretheim, Tore Skjæveland og Gjertrud Fanebust. I dag er Berit Oksfjellelv bokvinnar. Gratulerer!
Til sist får trufaste Odd Storsæter ordet. Han skriv: «Tordis som døde ved å hoppe ut av et vindu med et skrik var nettopp oppsagt fra motebladet ’Dernier Cri’ – fransk for siste mote, men betyr bokstavelig ’Siste skrik’. Fint ordspill av Sigurd Hoel. Det er spennende hvordan Klok på bok får meg – og andre – til å lese et femtitalls bøker i året – i tillegg til bøkene som ligger på nattbordet uke etter uke!»
Klok på bok 1361
Men han kunne ikke dra hjem nå, som de andre gjorde, han hadde ikke vært på jobb som dem, og uansett var det for tidlig, og det var ingenting hjemme han følte seg hjemme i. Ikke en gjenstand i leiligheten hadde dét ved seg lenger, at den var hans. Det var alle bøkene, men de ga han ikke retning, som de gjorde det før. Når han åpna en av dem, falt ingenting på plass.
Sitatet finn me på side 267 i boklækjarutgåva (2014). Romanen kom ut fyrste gong i 2012. Forfattaren er fødd i Oslo og har motteke mange prisar og utmerkingar for forfattarskapen sin. Ein stad i boka får me høyra om ei kioskdame som fjelgar seg kvar fredag. og før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på denne dama. Send namn på kioskdame, på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. november.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.