SæterbakkenI dag er spalta skriven i Italia. Boklækjaren har teke på seg det tunge ansvaret å vere korrespondent for Dag og Tid i tre veker i Liguria. No er det ikkje all verda som går føre seg i landsbyen der bokstova har sommaradresse. Det er agurktid he
I dag er spalta skriven i Italia. Boklækjaren har teke på seg det tunge ansvaret å vere korrespondent for Dag og Tid i tre veker i Liguria. No er det ikkje all verda som går føre seg i landsbyen der bokstova har sommaradresse. Det er agurktid her òg. Avisene skriv mykje om storleiken på frukt og grønsaker. Eg veit ikkje kor interesserte Klok-lesarane er i vekta på vassmelon, difor skal de heller få eit lite lesetips frå Liguria.
Det var i februar 1923 Ernest Hemingway kom til byen Rapallo, ikkje langt frå Genova. Hemingway trudde han skulle få selskap av Ezra Pound i Rapallo, men Pound drog vidare til Roma berre nokre dagar etter at Ernest og kona Hadley kom til byen. Det vart dårleg stemning mellom ektefellane, og det er ikkje usannsynleg at novella Katt i regnvær delvis er basert på forfattarens eigne opplevingar i Rapallo. Novella er fin, og med så lite regnvêr som me har hatt i sommar, er det godt me kan finne det i litteraturen.
Så til løysinga på oppgåve 1346. Gunder Runde skriv: «Denne gongen skal vi fram til ein av dei mest særmerkte av dei yngre norske forfattarane, som dessverre døydde så altfor tidleg, under særs triste omstende. Det er altså Stig Sæterbakken (1966–2012) det er tale om. Sæterbakken vart fødd i Lillehammer, og etter å ha budd i Oslo i fleire år drog han tilbake til heimbyen, og vart leiar for Norsk Litteraturfestival (Sigrid Undset-dagane) i 2006. I samband med striden omkring innbydinga av den kontroversielle David Irving til Undset-dagane, trekte Sæterbakken seg frå stillinga som leiar av festivalen. Han har skrive til saman om lag 20 bøker, mellom anna 10 romanar, essay, diktsamlingar og ikkje minst artiklar. (Han var særleg nært knytt til tidsskriftet Vagant.) Debuten kom allereie i 1984 med diktsamlinga Flytende paraplyer, då var han berre 18 år gamal. Dagens bok i Kpb er Selvbeherskelse, som er nr. 2 i den såkalla ’S-serien’ (Siamesisk, Selvbeherskelse, Sauermugg). Og den kryptiske setninga som er sitert i Kpb, er ein hugseregel som ’kameraten’ Hans-Jacob har konstruert for å kunne briljere med at han kan hugse dei 13 desimalane etter komma i talet pi, ved å bruke talet på bokstavar i denne merkverdige setninga – det vil seie 3,1415926535897. For min eigen del kan eg seie at det nok er like vanskeleg å hugse den temmeleg ulogiske setninga som Hans-Jacob har konstruert, som det er å pugge dei 13 siffera det er tale om. Og den praktiske nytten av å hugse pi med 13 desimalar kan nok diskuterast.»
Pi er eit irrasjonalt tal, men på oppgåve 1346 var det ikkje noko irrasjonelt over svara eg fekk frå desse: Jon Grepstad, Torleiv Kløve, Laurits Killingbergtrø, Jacob Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Eirik Holten, Ingebjørg Sogge, Sjur Joakim Fretheim, Laura Killingbergtrø, Per Skjæveland, Ellen Lian, Ingvar Engen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Birte Næsheim, Else Bovim, Rannveig Nordhagen, Jorunn Røyset, Ragnhild Eggen, Eli Winjum, Eli Hegna, Signar Myrvang, Olav Holten, Nils Ottesen, Odd Storsæter, Brita Lundeland, Eiliv Olsen, Tor Inge Myren, Inger Anne Hammervoll, Petter Kristensen, Marit Lindberg, Turid Tirevold, Pål Amdal, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Torleik Stegane, Gunder Runde, Bjørn Gjermundsen, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Ståle Ritland, Gunnar Bæra, Eva Sunde, Inger Margrethe Berge og Fritjof Lampe. Bokvinnar i dag er Nils Ottesen. Me gratulerer og vonar Brentford gjer det bra i den komande sesongen.
Det var mange innsendarar som likte løysingsboka denne gongen. Eit døme er Jacob Bull-Berg som skriv: «En meget, meget god bok med en avsluttende setning jeg aldri vil glemme. Takk for at jeg ble inspirert til å lese dette lille mesterverket.»
Klok på bok 1348
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.