RothoggarI dag er det ein særs nøgd Medikus som kan melde om at streiken no er over. Eg skal ikkje spekulere i om det kjem av at streikekassa er tom, men i ei kort og konsis pressemelding skriv streikeleiar Olav
I dag er det ein særs nøgd Medikus som kan melde om at streiken no er over. Eg skal ikkje spekulere i om det kjem av at streikekassa er tom, men i ei kort og konsis pressemelding skriv streikeleiar Olav Molven: «Streiken er avlyst/utsett – førebels!» Sidan boklækjaren er glad for at streiken er slutt, strekker eg ut handa og lager ei oppgåve utan tilleggsspørsmål denne gongen. Eg gjer merksam på at det står ei oppgåve.
Kan hende sit det ein lesar eller to som har kome i stuss over ordet rothoggar i tittelen på spalta. Uttrykket vert nytta om ein person som vil endre noko frå grunnen av, ein radikalar, noko eg synest dagens løysingsforfattar lever opp til. På heimesida til Ivar Aasen-tunet fann eg forresten ein artig artikkel frå vekeavisa Fedraheimen (nr. 33–1885). Under overskrifta «Fedralandskjærleik» står det: «Den svenske Diktaren Strindberg er ein fæl Rothoggar. No hev han slegjet seg so reint ifraa Heimlandet sitt, at han segjer han vil ikkje sjaa det for Augo sine meir. Han vil læra seg til aa skriva paa Fransk no.» Heile stykket er ein barsk harselas der òg Henrik Ibsen får så flosshatten passar. Lesarar med hang til å humra bør gå inn på den fine heimesida til Ivar Aasen-tunet og sjå nærmare på artiklar frå Fedraheimen. Der er det mykje gull.
Det var mange som fann fram til Philip Roth og løysingsboka denne gongen. Ole F. Rødby skriv: «Boka er Indignasjon. Forfatteren er Philip Roth som fram til han døde nå i mai blir regna som Amerikas største forfatter, og det er ikke sikkert at hans bortgang vil endre så mye på det forholdet. Hans bakgrunn fra det jødisk-amerikanske miljøet gjør bøkene hans særlig interessante. Philip Roth mottok gjennom åra alt som finnes av amerikanske litterære priser, men ble aldri funnet god nok av ’De Aderton’. Av alle Nobel-mistak regner mange at å overse Roth gjennom flere tiår er blant de mest bemerkelsesverdige. Nå er det altså for seint. Indignasjon er nok ikke blant Roths viktigste. Amerikansk pastorale og Konspirasjonen mot Amerika synes jeg er de viktigste. Til slutt – jenta i boka heter Olivia. NRKs Hans Olav Brenner fikk i 2007 et intervju med Roth. Det kan en finne på nett.»
Av svara eg fekk på oppgåve 1341, vart eg ikkje indignert over desse flinke folka: Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Torleiv Kløve, Sjur Joakim Fretheim, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Røyset, Ingvar Nistad, Eli Hegna, Per Skjæveland, Gunder Runde, Rannveig Nordhagen, Ståle Ritland, Odd Storsæter, Mari Kleiva Nilsen, Amund Grimstad, Tore Tomren, Ola Sletvold, Robert Øfsti, Jorunn Øxnevad Lie, Marit Lindberg, Tvillingene, Anne Berit Skaarer, Sverre Hetland, Tor Inge Myren, Gudrun Havro, Ole F. Rødby, Bjørn Gjermundsen, Per Trygve Karstensen, Eirik Holten, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Christopher Messelt, Laura Killingbergtrø, Turid Tirevold, Olav Molven, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Ingvar Engen, Inger Anne Hammervoll, Asbjørg Apalset, Marianne Dahl, Olav Holten, Truls Johan Horsberg Hoff, Gudrun Skjæveland og Trygve Müller Jonassen, Fritjof Lampe, Kari L. og Ottar Aarø, Gjertrud Fanebust, Eva Sunde og Trude Hege Bergesen. I dag er Amund Grimstad bokvinnar. Gratulerer!
Til sist tar eg med eit interessant spørsmål av etisk karakter. Torleiv Kløve skriv: «Kan eg få ta opp eit aspekt ved Olav Molven sitt streikevarsel? Eg låner ofte bøkene som eg ikkje har lese før. Om eg no finn boka på biblioteket, så er det ein etisk konflikt: Skal eg låna boka og dermed gjera det vanskelegare for andre Klok på bok-løysarar?»
Som oftast har eg ei meining, gjerne òg når eg ikkje har peiling på kva det er snakk om. Men her vil eg sitja heilt stille oppe i treet mitt. Eg overlét til oppgåveløysarane å konkludere for Kløve. Køyr debatt!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.