JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Ros til Rishøi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4523
20220603
4523
20220603

Folk som har forstand på årstider, meiner at no er det sommar. Her i bokstova er me litt i tvil, men når definisjonen i diverse ordbøker seier at tidsrommet som femner om månadene juni, juli og august soknar til sommaren, så er det vel slik. I staden for å sjå på gradestokken og yppe strid mot sommaren vil boklækjaren straks blåse opp baderingen og ta på seg solhatten.

Ein som gjekk mykje med hatt, utan omsyn til årstida, var Olav H. Hauge. I band 4 av Dagbok 1924–1994, 3. juni 1981, skriv han: «Far mins hatt er litt liten for meg. Ikkje rart, han hadde ikkje so mange tåpelege tankar i hovudet.»

Ikkje nok med at det er sommar, sanneleg er det også kvitsunnhelg denne veka. Klok-redaksjonen nytter høvet til å ynskje alle lesarane ein strålande sommar og ei kosteleg kvitsunn.

Så skal me til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Ein av dei beste novellistane i Noreg på 2000-talet! Det er altså Ingvild H. Rishøi, fødd i 1978, som er opphavet til dagens sitat. Ho debuterte med novellesamlinga La stå i 2007. Neste samling fekk tittelen Historien om fru Berg (2011), for denne boka vart ho nominert til Brageprisen. Og så kom dagens bok, Vinternoveller, i 2014. Eg har lese alle desse tre samlingane, men hugsa sjølvsagt ikkje etternamnet til Thomas i novelle nr. 2 (som har tittelen ’Riktig Thomas’). Men til all lukke hadde Ulstein bibliotek boka ståande, så eg fekk klarlagt at han heiter Kristiansen. Alle tre novellene handlar om vaksen–barn-forhold og er eineståande i desse skildringane. I 2021 gjorde ho stor lukke med Stargate. En julefortelling, som utan vanskar kan tevle med H.C. Andersens forteljing om den vesle jenta med svovelstikkene. Rishøi har bakgrunn som journalist, mellom anna i Dagbladet, og har også laga eit par biletbøker for barn. Ho har fått ei mengd prisar av ulike slag, alle sjølvsagt vel fortente!»

Eli Hegna skriv: «Ingvild Hedemann Rishøi har mottatt flere litterære priser. For samlingen Vinternoveller, som ukas sitat er hentet fra, ble hun tildelt både Brageprisen og Kritikerprisen. Gjentatte karakteristikker som ’utsøkt’, ’bunnsolid’ og ’suverent’ knytter seg til Rishøis forfatterskap. ’Et glassklart enkelt språk – med ekstrem muntlighet’, er også hva anmeldere har sagt om dette forfatterskapet.»

Janneken Øverland skriv: «Dette må være den fabelaktige Ingvild H Rishøi og novellen ’Riktig Thomas’ fra samlingen Vinternoveller

John Olav Johnsen skriv: «Forteljingar som grip ein om hjartet og vekker empati og medkjensle. Dette er stor novellekunst.»

Desse klokingane fann fram til både «Riktig Thomas» og til riktig svar på oppgåve 1531: Eli Winjum, Signar Myrvang, Janneken Øverland, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Bjørn Gjermundsen, Yngve Skjæveland, Arne Thorvik, Gunnar Bæra, Petter Kristensen, Gunder Runde, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, John Olav Johnsen, Eirik Holten, Ingunn Bergem, Jan Erik Røed, Olav Holten, Marta Kløve Juuhl, Per Trygve Karstensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Folke Kjelleberg, Ole Husby, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Turid Tirevold, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Kristin Flo og Ole G. Evensen. I dag er Sjur Joakim Fretheim bokvinnar. Gratulerer!

Her i bokstova er me ikkje uimottakelege for ros. I ei etterskrift til løysinga skriv Inger Anne Hammervoll: «Denne bokgåtespalta er så artig og interessant ei tidtrøyte (i den positive tydinga av ordet); den pressar seg ofte framom andre, kanskje meir nødvendige gjeremål. Då tenkjer eg, skitt au, oppvasken held seg. Kva er vel viktigare enn ’livet! litteraturen!’ (Tor Eystein Øverås).»

Klok på bok 1533

«Er eg alvorleg?» spurde han. «Eg hadde ei kjensle av at eg gliste frå øyre til øyre.»

«Du ser ut som om du tok meg med til ei gravferd. Viss det der er eit glis, sit øyra dine svært nær kvarandre.»

Sitatet er frå s. 39 i boklækjarutgåva (1994). Denne gongen skal me fram til ei forteljing som på originalspråket fyrste gong stod på prent i 1878. Forfattaren døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein skandinavisk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på ein italiensk figur som i boka vert omtalt som ein framifrå songar. Send namn på italiensk songar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis