Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Pollenallergi? Narr meg ikkje til å le

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3770
20180427
3770
20180427

Det er sein vår i år. Men då han først kom, kom han med eit smell. Og no er det berre nokre spreidde snøklattar att utanfor kontorvindauget mitt. Og sjølv om eg i skrivande stund kan sjå ut på eit kjølig regn, har det vore mykje sol i det siste. Det gjer ting med folk, har eg lagt merke til. Dei begynner å bli vasne og raude i auga, det renn av nasen, og dei pustar tungt. Dei pøser på med Zyrtec og nase- og augedropar og snusar inn av astmasprayar til dei ligg der, så nær sagt. Det er pollensesong, og allergien spreier seg til dei fleste, bokmålingar som nynorskfolk. Men for ein som meg, som har vore allergikar heile livet, gjer ikkje slikt særleg inntrykk. Frå tidleg barndom hadde eg høysnue, noko som slett ikkje var vanleg den gongen, og som gav meg stor respekt i kameratkrinsen (og som etter kvart samla opp i seg alskens andre allergiar) og gjorde meg til eit fenomen. Den gongen var det også eit svært avgrensa utval medisinar mot slikt. Det blei sagt at det fanst ein vaksine ein stad, visstnok oppfunnen av ein heksedokter i Kamerun, og denne måtte prøvast ut. Og eitt av høgdepunkta gjennom store delar av barndommen var då distriktslegen, sjølvaste Dokter-Kari, kom farande opp vegen i ei diger støvsky, ein gong i veka, for å gi meg vaksinasjonssprøyta. Sprøyta var 25 cm lang, og det tok ti minutt å sprøyte ut det mystiske innhaldet. Dokter-Kari var ein stor personlegdom, fordi ho snakka svært håst (truleg på grunn av overdriven røyking) og fordi ho gjekk med alpelue. Sidan far min ofte gjorde det same, hadde dei mykje å snakke om. Men korleis det no enn var, vi fann til slutt ut at vaksinen hadde null verknad, og det som då stod att, var tablettar. Og dei einaste tablettane som fanst den gongen, heitte allergin-coffein, også kalla sjøsjuketablettar. Dei dempa rett nok allergien, men hadde den biverknaden at ein blei utruleg søvnig og berre måtte gå og leggje seg. Slik sov eg bort størstedelen av somrane i oppveksten, og det hadde eg mykje att for, som eg har kunna dra nytte av seinare i livet. Eg fekk merkelege syner og svært livaktige draumar, så eg til slutt knapt visste kva som var draum og kva som var røyndom. Det toppa seg ein dag då eg såg far min bli oppeten av ei stor kveite. Det tok fleire veker etter dette før eg igjen klarte å tru på at far min var den han gav seg ut for å vere, og ikkje ein simpel bedragar.

Påskeharenytt

Sidan eg drog til Cuba ganske tidleg i påskeveka, nådde eg berre så vidt å finne fram påskeharekostymet frå loftet, ta det på meg og leggje ut egg rundt om i hagen, slik at dei lokale jævelungane også i år skulle få noko å leite etter på påskedagen, og såleis få dei bort frå dataskjermane sine ei lita stund.

Mange har opp gjennom tidene spekulert på dette med påskeharen. Korleis oppstod han? Kor kjem han i frå? Kvifor ein hare? Og kor er samanhengen mellom hare og egg?

Ikkje godt å seie, og dei lærde stridest. Somme hevdar at han har røter tilbake til den greske antikken, og at han opphavleg var ein fugl som blei omskapt til hare. Men dei fleste er iallfall samde om at han er nemnt i eit tysk skrift frå rundt 1680, og at tyske immigrantar drog han med seg til USA, der han blei til den kjende og kjære Easter Bunny (altså påskekanin). Elles er Australia ei forfriskande motvekt her. Der nede har som kjent harar og kaninar helst vore ei plage for folk og fe, så der er det påskepunggrevlingen som distribuerer egga. Forfriskande er det også å studere enkelte bilde frå mellomalderen. På desse opptrer ein påskehare som slett ikkje er søt og koseleg, men som tvert om vil ta livet av deg. Og eg skulle vel ønskje at påskeharen også i dag kunne ha noko av dette farlege ved seg, noko som kunne gi ungane mareritt, litt på linje med julenissen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis