På sporet av Jante
I dag inneheld programmet her i bokstova mykje rart med sukker på. Fyrst skal me sjå nærare på utdanningstilboda for folk som trivst best i trekkvogn. Dinest fylgjer ei lita skisse av eit framtidig ferdaminne frå Balkan. Så er det tid for løysinga på oppgåve 1354, innan heidersmannen Olav Molven slepp til med nok ei velskriven ytring. Som alltid har me også denne gongen rydda plass for den kjære namnelista. Der kan me fryde oss over å finne meir enn 70 innsendarar med rett svar. Dette trass i at det var ei oppgåve med «lurespørsmål», som stødige og evig trufaste Gunder Runde kallar den omstridde tilleggssoppgåva. Til sist kjem naturlegvis sitatet og ei oppgåve med ein kjend og kjær forfattar. Lurespørsmål vert det denne veka òg. Eit spanande program denne gongen, altså; her er det berre å finne fram godstolen.
Me byrjar med fakta på fredag: Ordet lokomotivførarskule har interessant nok seks ulike vokalar. Det er like mange som finst i det engelske alfabetet når ein reknar «Y» som vokal. Så var det på plass, og det står lesarane fritt om dei vil tenkje meir på saka.
Når dette kjem på prent, er boklækjaren i Beograd. Igjen skal eg på ein gravsafari. Det er grava til nobelprisvinnaren Ivo Andric eg vil vitja på denne turen. Den nye gravlunden i Beograd er òg siste kvilestaden for to markante personlegdommar i serbisk historie, nemleg tidlegare statsminister Zoran Ðindic og storkjeltringen Željko Ražnatovic. Sistnemnde er betre kjend som «Arkan», og eg lyt medgi at eg kom i stuss då eg oppdaga at den provestlege statsministeren deler kyrkjegard med ein kriminell nasjonalistisk paramilitær leiar. Mest sannsynleg held dei vel fred no.
Så til løysinga denne veka. Inger Astrid Ullestad skriv: «I dag er vi komne til Espen Arnakke i Jante. Aksel Sandemose sitt verk med tittel En flyktning krysser sitt spor. Det kom ut i 1933, men vart skrive om og utgjeve fleire gonger. Eksemplaret i mitt bibliotek er frå 1962. Dei som levde før meg, har bidrege sterkt til biblioteket mitt, eg er svært takksam for det, eg elskar bøker. Så var det denne storebroren, då. Det må vera Petrus Arnakke, han som er gift med sure Oline. Det var vel ein grunn til at ho var sur. No er eg blitt fanga av boka og må lesa henne på nytt!»
Olav Molven skriv: «Attende i tid – ein solskinsdag i Hardanger – kom eg i prat med ein syklande feriegjest. Eg kjende ikkje mannen, men hugsar at i løpet av samtalen kom det fram at han var opphavsmannen til ’anti’jantelova. Seinare råka vi på kvarandre fleire gonger, utan at Sandemose vart nemnt! Eg trur at for klokarar gjeld Erling Førlands ’anti’jantelov. Sjølvsagt også for Dykk, vår einaste norske boklækjar – i alle høve i fast stilling! Du hendelse!»
Desse var slett ikkje på villspor; dei fann fram til Jante og rett svar på oppgåve 1354: Skeisebibliotekaren i LASK, Torleiv Kløve, Gunn og Jacob Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Janneken Øverland, Gunder Runde, Olav Holten, Else Bovim, Per Skjæveland, Ove Bjørkhaug, Angerd Gjerden, Randi Brenden, Else Gjesdahl Sørensen, Hallvard Kjelen, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Audun Sjøstrand, Inger Anne Hammervoll, Truls Songstad, Sonja Nygård Wæraas, Kirsten Bakke, Rannveig Nordhagen, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Winjum, Ståle Ritland, Jan Alfred Sørensen, Inger Astrid Ullestad, Per Trygve Karstensen, Pål Amdal, Petter Kristensen, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Jakob Gullberg, Hildur Øvsthus, Olav Molven, Nils Ottesen, Gunnhild Strømnes, Signar Myrvang, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Robert Øfsti, Arne Schanche-Olsen, Ingvar Engen, Gudrun Havro, Tor Inge Myren, Odd Storsæter, Audun Gjengedal, Geir Instanes, Hans Inge Jørstad, Eva Sunde, Folke Kjelleberg, Brita Lundeland, Fritjof Lampe, Sissel Galåen, Eirik Holten, Halvard Skeie, Marta Kløve Juuhl, Eli Hegna, Torhild N.Nøsted, Olav Larsen, Frederik Zimmer, Laura Killingbergtrø, Ingebjørg Sogge, Asbjørg Apalset, Ingrid Austlid Rise, Kjell Helge Moe, Bjørn Gjermundsen, Tvillingene, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim, Birte Næsheim og Jorunn Kleppe. Bokvinnar i dag er Sonja Nygård Wæraas. Gratulerer!
Klok på bok 1356
Det er haust, men hausten går fort, liksom alle andre årstider. Og nokon har punktert høgre framhjulet på bilen min. Skurkar finst overalt.
Men kakaoen smaker heilt fint.
Sitatet finn me mellom kapittel 52 og 53 i ein nydeleg roman som kom ut fyrste gong i 2001. Forfattaren har fått mange prisar for forfattarskapen sin og har namnedag i mai. I boka opptrer ei tante som syng som ei gudinne, og før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på denne tanta. Send namn på tanta, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. oktober.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.