JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Ordtaksfeil

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Øyvind Holmstad / Wikimed

Foto: Øyvind Holmstad / Wikimed

2225
20230414
2225
20230414

Mange bryr seg om orddelingsfeil. Eit godt døme finn lesarane her i skiltspalta vår. På same tid ynskjer Innsida å gjera merksam på ein del vanlege ordtaksfeil. Eit tiltak me reknar med at Språkrådet vil setta pris på og kanskje støtte med nokre tusenlappar, viss det vert eit fast innslag.

Difor startar Innsida med eit knippe av dei vanlegaste:

• Ein skal ikkje skyte høna før egget er lagt.

• Det gjekk meg to hus rett forbi.

• En skal ikkje setta seg på sitt høge skinn.

• Ikkje sy posar under auga på folk.

• Kva kom eigentlig fyrst, skinnet eller bjørnen?

• Der har me noko å henga knaggen på.

Norske matskattar nr. 70: blautkake

Sjølv om matskattspalta på Innsida skriv seg attende til 2016 og no rundar 70 norske matskattar, er det merkeleg at vår aller mest nytta kake ikkje kom med før no.

Spalta rundar altså 70 og er framleis heilt utan støtte frå Landbruks- og matdepartementet.

Norske matskattar lever vidare som ei av svært få heilt uavhengige kjelder for den norske mattradisjonen.

Blautkake er verkeleg ein god norsk tradisjon. Ei enkel kake med sukkerbotn, krem, banan og syltetøy, som nærast er ein fast gjest i fødselsdagsdagsselskap.

Kaka er ikkje ei gamal norsk delikatesse frå vikingtida. Blautkake breidde om seg samstundes med komfyrens inntog kring 1900. Før det laut nordmenn gle seg over kaker steikte på takker og heller. Men då komfyren vart vanleg, steikte me kakebotnar som berre det.

Botnen er av kveitemjøl, bakepulver og eggedosis.

Kakebotnen er det vanleg å dynka, for at han ikkje skal verta for turr. Dynkinga kan ein gjera med både god saft eller noko sterkare. Ein får rekna med at det er dette som er opphavet til namnet.

Ikkje akkurat noko ekstravagant namn som napeoleonskake, strudel, macron eller suksessterte, men eit godt vanleg norsk kakenamn.

Korleis kaka vert fylt, er naturlegvis noko variert, men krem høyrer til.

I våre dagar er det sikkert mogeleg å få laga seg ein laktosefri krem.

Pynten på toppen er like ulik som smaken, men fine friske jordbær er svært vanleg.

Utanom merkedagar er blautkake vanleg å servera på nasjonaldagen vår.

Det er ei kake som dei aller fleste likar, og som folk vert i veldig godt humør av å sjå.

Ein norsk matskatt: ja visst!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis