Norske matskattar 20: hjortInnsida slår til med eit noko breiare perspektiv i spalta «Norske matskattar», som no jubilerer med spalte nummer 20. Denne gongen slår me eit slag for hjorten. Hjort er i seg sjølv ikkje nokon

Publisert

Innsida slår til med eit noko breiare perspektiv i spalta «Norske matskattar», som no jubilerer med spalte nummer 20. Denne gongen slår me eit slag for hjorten. Hjort er i seg sjølv ikkje nokon matskatt, men eit dyr. Det er likevel ein ressurs som Innsida ynskjer å lyfta fram.

Det er stadig meir hjort å sjå langs kysten og etterkvart innover i landet. Dersom me forvaltar dette på skikkeleg vis, kan det verta ein stor og viktig næringsveg for mange. Ifylgje Johan Trygve Solheim ved Stiftinga Norsk Hjortesenter på Svanøy kan norsk matvareindustri få ein ny leveveg med hjorten. På Svanøy satsar dei stort på både tam og vill hjort. Det er jakt, og det er foredling. Hjortepølser, spekemat og burgarar er ypparleg mat. Johan Trygve Solheim plar seia: «Ein hjort som er teken godt vare på, er kjøt alle likar.»

Skal dette verta ei god næring i distrikta, med stadig aukande tal arbeidsplassar, som på Svanøy, lyt det verta lett å slakta, foredla og selja kjøtet.

I Noreg er det no omlag 100 bønder som driv med oppdrett av hjort. Potensialet er stort. På New Zealand slaktar dei om lag ein million hjortar kvart år.

For dei er det like stort som laksenæringa vår.

Medan her i landet er det om lag 40.000.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement