Norske matskattar – 15: kvalMe skal langt attende for å finna den fyrste norske kvalfangaren. Dette utruleg næringsrike og sunne kjøtet er endå ein ressurs frå havet som me lyt utnytta betre.

Publisert

Me skal langt attende for å finna den fyrste norske kvalfangaren. Dette utruleg næringsrike og sunne kjøtet er endå ein ressurs frå havet som me lyt utnytta betre.

Berre 2 % av maten me et, kjem frå havet. Styresmaktene og forskarane har kome til at det er både riktig, nyttig og viktig at me fangstar vågekvalen. Det finst svært mykje av han, og sørger me ikkje for at det vert hausta, vil han eta endå større del av fiskeressursane. Havforskningsinstituttet har estimert at kvalen et like mykje fisk som det alle norske fiskarar tek opp.

Men det er ikkje berre av di kvalen ikkje skal tømma havet, at me skal eta dette sjøpattedyret. Kjøtet er sannsynlegvis noko av det mest næringsrike du kan få tak i. Det er lite feitt, og feittet som er der, er rikt på omega-3.

Kval har hatt eit dårleg rykte, særleg i gamle dagar var ein ikkje like god til å ta vare på kvalkjøtet. No, derimot, er dette ei delikatesse som vert servert fersk og fin både som steik og biff, røykt og grava, men òg stadig meir i sushi og sashimi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement