Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Mysteriet på Trønder- ekspressen

– ei sporvogn til begjær

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1867
20180504
1867
20180504

Den siste tida har nyheitene vore prega av den trakasserande meldinga som Liv Signe Navarsete mottok for to år sidan. Ti senterpartistar i den trønderske fraksjonen var på hyttetur, og i løpet av turen vart det sendt ei upassande melding. Vi har altså ti mistenkte, men få spor å gå etter. Kven er betre til å løyse slike oppgåver enn Hercule Poirot?

Dessverre fekk vi ikkje tak i meisterdetektiven på så kort varsel, men til stades i matvogna på Trønderbanen har vi den norske avløysaren Raphaël Poirée, i tillegg til dei ti politikarane.

Poirée: Mine herrar, takk for at de kunne koma hit i kveld. Eg håpar alle har fått kaffi frå kaffiautomaten. Medan vi nyt utsikta til Trondheimsfjorden og dei frodige trønderåkrane, skal vi finne ut kven som sende den giftige og slu meldinga til madam Navarsete.

Alle: ?

Poirée: Alle hadde motiv og moglegheit til å sende meldinga. Éin av dykk stod som avsendar. Det ville jo vore veldig utspekulert å sende meldinga i sitt eige namn, for ingen ville sendt noko slikt frå sin eigen konto, og dermed ville ein automatisk sleppe mistanke.

Alle: Men ...

Poirée: Stopp! Og du, monsieur Ola Borten Moe, hadde ikkje du vore i ein langvarig maktkamp om sentrale leiarverv i partiet? Ville det ikkje vore naturleg for deg å sende ei slik sleivete melding for å skade erkefienden?

Ola Borten Moe: Herregud, eg ville jo vore den fyrste alle mistenkte. Når er neste stasjon?

Poirée: Dette toget stoppar ikkje før Steinkjer. Og du ...

(Det vibrerer i telefonen til Raphaël.)

Poirée: Oi, eg fekk ei melding. Vent litt. Det er frå eit skjult nummer. Det står: «Det var autokorrekturen som slo inn. Vi ville berre skrive ’Vi har lyst på hytta di.’»

(Alle dei ti mistenkte sit med telefonen i handa.)

Poirée: Kven sendte denne meldinga????

(Toget køyrer på ein elg og sporar av.)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis