Målet med fotball
Peter Godly Michael og Ernest Agyiri, som har lært seg ein smule norsk og kanskje skjøner kva dei stygge orda i patriotsongane betyr, har fine signaturar i tillegg til lår. Og armar.
For eit par veker såg eg og kidsa mine Vålerenga slå Lillestrøm 1–0 i ein nervepirrande kamp. (Målet kom i 95. minutt.) Det var ungane som ville sjå kampen; eg blei motvillig med. Eg ville helst brukt pengane på ein ny kjole. Men så er det bra at ungane vil ut og stå og heie framfor å sitte og glo inn i skjermar. Og når ein først står der, blant Klanen, på Intility Arena, med bluss og røyk og songar så grove at Dag og Tid ikkje vil ta i dei med eldmus, blir ein jo gira.
– Drep dei, Vål’enga, drep dei, gaula eg, og «hatar, hatar, hatar kanari».
Ungane var heller fåmælte. Dei song ikkje med på «Jeg rusla rundt i Oslo by, det var så mange bønder at jeg f’#* måtte spy. Akerselva, stinker som f’#*…» (Resten av verset er så grovt at eg risikerer redaksjonelt pryl om eg skriv det.) Og dei berre mumla til «Vålerenga kjerke», sjølv om dei kan alle versa ordrett etter indoktrinering. Det såg nesten ut som om dei kjeda seg, og dei klaga over at dei blei slitne i beina. Heldigvis jubla dei litt då målet endeleg kom og folk gjekk amok. Ein medpatriot kasta seg over minstemann – han valde ein på 1.30 framfor meg – og klemde han halvt i hel.
– Vi speler ball! brølte fyren. – Ja, for f’#*!
– Æsj! ropte gutungen frå inni den sveitte famnen.
Og så bles dommaren i fløyta: Kampen var over, sommaren var redda og laget stilte seg framfor oss og takka for støtta med å danse banandansen og synge med på patriotsongane. Det var rørande, hadde det ikkje vore for at ungane plutseleg var svært utolmodige. Dei drog i meg og song ikkje «i Oslo by, der er det liv».
– Kom igjen! masa dei. – Vi må henge i!
– Korfor? bjeffa eg. – Kva er det som brenn?
– Korfor trur du vi er her, liksom? Vi må ned og få selfies!
Meir dreping
VIP-rommet er vittig: Eit lass ungar og eit par rare vaksne står i kø for å få autografar og ta bilete av seg sjølv i lag med spelarane, som dusjar og pyntar seg – det skulle ikkje forundre meg om dei sminkar seg òg – vel og lenge før dei kjem ut i rampelyset
(= ramp som lyser i sola som steiker gjennom vindauga). Før den første spelaren er ferdig med å skrible og la seg avbilde igjen og igjen, renn sveitten av både supporterar og spelarar, sjølv dei som sat på benken. Ungane nekta uansett å gi seg – dei stod til Bård Finne og alle heltane hadde smilt seg til endes. Heldigvis selde dei øl i VIP-rommet, og ikkje brus, slik at vi vaksne som ikkje trong selfies, hadde noko å halde på med. Elles song vi med på «Jeg rusla rundt» og andre grovisar som ljoma over anlegget.
– No skal det bli godt å komme heim, sa eg då vi endeleg kunne forlate alt testosteronet, men der tok eg feil.
– No skal vi ned til Youngstorget og sjå Champions League-finalen på storskjerm, kom det.
– Du lova! sa minsten. – Vi skal sjå Real Madrid drepe Liverpool!
Sterk i bein og psyke blir ein.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.