LykketoppenDanskane og nordmennene knivar om førsteplassen på FNs World Happiness Report, noko som kan tyde på vêrsjuke. I alle fall verkar danskane gladare enn oss nordmenn. Som bibelen –
Danskane og nordmennene knivar om førsteplassen på FNs World Happiness Report, noko som kan tyde på vêrsjuke. I alle fall verkar danskane gladare enn oss nordmenn. Som bibelen – Lonely Planet – seier: «To the rest of Scandinavia, the Danes are chilled, frivolous party animals.» «Danes are, overwhelmingly, a happy bunch.»
Så då eg jogga rundt i København sist måndag formiddag, håpa eg å komme i snakk med glade danskar som kunne gi meg noko eg kunne ta med meg heim til haustdepresjonen: litt lykke å flyte på til jula er over. Ein god samtale over ein snaps hadde gjort seg, gjerne på ein kafé med både halloweenpynt og julepynt, for dei var det ein del av.
Men så var dei fleste eg såg, turistar. Alle som såg lokale ut, sykla fort forbi. Somme smilte, det skal dei ha. Var dei rusa? Dei var kule og vakre, utan regnklede, sikkert med ull inst, på veg til noko festleg, sjølv på ein måndag. Som bibelen seier: «Danes know how to hygge (be cosy).» I Christiania, særleg i Pusher Street, var det rett nok mange som ikkje sykla; dei stod og hang. Men tåka var veldig tjukk akkurat der, så folk verka skumle, med hette over hovudet – utkledning? – og opp mot tre kamphundar kvar utan band. Så eg takka nei til hygga deira og gjekk tilbake til EU og sykling.
Men endeleg, ikkje langt frå havfrua, der 68 turistar dreiv og fotograferte seg sjølv, såg eg ein kar som sat på ein benk og såg utover vågen. Og eg kjende at «dette er ein eg kan ha ein god samtale med». Så eg sprang bort til han og spurde:
– Glir halloween og jul saman i éin lang fest, eller kva?
Han svara ikkje. Han såg ikkje på meg. Han verka mutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.