LIVETS DILEMMADet er mange vanskelege val i livet. I løpet av ein heilt vanleg dag må vi menneske ta tusenvis av val. Skal eg stå opp nå eller slumre litt? Må eg vaske håret eller greier det seg ein dag til? Brød eller knekkebrød til frukost? Sykle eller g
Det er mange vanskelege val i livet. I løpet av ein heilt vanleg dag må vi menneske ta tusenvis av val. Skal eg stå opp nå eller slumre litt? Må eg vaske håret eller greier det seg ein dag til? Brød eller knekkebrød til frukost? Sykle eller gå til jobb? Skal eg kjøpe meg eit hus på Overvik? Og så vidare. Vi i Innsida har på ingen måte tenkt å hjelpe deg med desse vala. I staden for skal vi introdusere deg for nokre intrikate dilemma, slik at du får litt pause frå dine eigne, trivielle kvalar.
Samtale
Guri: Kva har høgast status for tida, å ha dårleg tid eller god tid?
Sigrid: Det har jo vore status å ha det travelt ei stund nå, så eg tippar at det snart blir moderne å ha god tid.
Guri: Ja, det trur eg òg. Det blir status å seia at ein har drukke kaffi og lese avisa i tre timar.
Sigrid: Tomme luker i kalenderen og ingen ferieplanar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.