Kommunequizen
Det var ein vanskeleg kommunequiz Innsida presenterte tidleg i juli. Oppgåva var å identifisera dei fem av desse geografiske namna som ikkje er ein kommune i dag:
Eigersund, Lurøy, Sørfold, Osen, Malmanger, Rollag, Hægebostad, Bjørnafjorden, Flatanger, Nesseby, Gåsøy, Dyrøy, Bindal, Heim, Overhalla, Holtålen, Gulen, Brevik, Lund, Beiarn, Sel, Akkarfjord, Rælingen, Sigdal, Flesberg, Loppa, Alstadhaug, Leirfjord, Vevelstad, Sandnessjøen og Hustadvika.
Rett svar skulle vera: Malmanger, Brevik, Gåsøy, Akkarfjord og Sandnessjøen.
Raskast ute og vinnar vart Laurits Killingbergtrø.
Diverre var redaksjonen ikkje heilt presis med stavinga av kommunen Alstahaug (som Sandnessjøen ligg i). Alstadhaug er ein stad i Levanger, som Inge Strand heilt rett peika på. Han fekk difor premie for seks rette. Sten Sture kom på ein god andreplass.
Ei flott bok er alt vel framme hjå desse glupe kommune-
entusiastane.
Matskatt nr. 74: molte
Molte er ein arktisk og nordisk matskatt, som heilt klårt høyrer heime på Innsida si aller fastaste spalte. Særleg no når me nærmar oss 75 matskattar. Det er sikkert ikkje naudsynt å nemna at spalta framleis er heil fri for tilskot frå ulike statlege landbruks- og matordningar. Det hindrar naturlegvis ikkje Innsida frå å halda fram med å lyfta fram det beste me har av råvarer og gode produkt frå vår eiga matverd.
Turen har kome til molte, som faktisk er ein blome i rosefamilien. Biologisk sett litt merkeleg at denne delikatessa ikkje er eit bær, men ei steinfrukt på ein blome.
Molta trivst i myrer og er lett å skilja frå andre ting me plukkar ute i naturen. Når molta er moden, er ho sterk i fargen, nærast oransje på sitt finaste. Sjølv om dette gjer molta lett å sjå, er det ikkje det same som at ho er lett å finna. Kvar gode moltemyrer ligg, er sjeldan noko ein deler med folk utafor svært nær familie. Friluftslova gjev oss rett til å plukka molter i utmark, sjølv om det finst nokre unntak nordpå.
Sidan molta er både verdfull og sjeldan, er det freistande å plukka ho før ho er heilt moden. Innsida oppmodar alle om å la vera, å la molta stå til den neste som kjem over myra.
På heile den store Finnmarkseiendommen er det fritt fram å plukka molter. Den ivrige sankaren og jegeren Vegard Ulvang er ein ivrig molteplukkar. Han går sjeldan tomhendt heim frå moltejakt. Det heng sjølvsagt saman med at han tek seg bryet med å gå nokre mil lenger vekk frå vegen enn det dei fleste andre gjer.
Molteplukking skjer om lag på denne tida me er inne i, men ein varm sumar, slik dei opplever nordpå i år, gjer at moltene kan verta modne noko før det som er vanleg. I nord er molta godt utbreidd, medan du lyt til fjells i Sør-Noreg for å sikra deg denne matskatten.
Molta har ein heilt særeigen smak, ikkje så søt som eit bringebær, men saftig og svært aromatisk. Dette gjer at molter eignar seg svært godt som syltetøy, i kaker og dessertar.
Den mest kjende retten er utan tvil moltekrem, som for svært mange av oss nordmenn er ein av smakane me knyter til jolamiddagen. Bilete har innsida fått av ein anonym altaværing, som fann denne myra i år òg. Nærare om kvar det er, kan det ikkje opplysast om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vikeplikta er lik for fattig og rik.
Den skil ikkje på nokon.»
Tidl. vegdirektør Torkjel Horgi
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.