JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Utgått vits

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4089
20210122
4089
20210122

Denne gongen skal me sjå nærare på eit fenomen me har mistanke om at mange lesarar interesserer seg for, nemleg korleis ein vits kan gå ut på dato. Straks kjem det eit døme og ein kort analyse, men fyrst litt elementær bakgrunnsinformasjon.

Stordomstida til vitsen me har testa, var nok omkring slutten av 1970- og byrjinga av 1980-åra. Dette kjem av at hovudpersonen er den svenske skeiselauparen Oloph Granath, som mellom anna deltok i OL i Innsbruck 1976 og i Lake Placid 1980. Slik lyder vitsen:

– Veit du kvifor det gjekk så dårleg med Oloph Granath på Bislett?

– Nei, det veit eg ikkje.

– Han sprengde seg på titusenmeteren.

I granskingsarbeidet har me lagt fram denne perla innanfor humorsjangeren for fleire ungdommar, og diverre var resultatet nedslåande: Ikkje nokon av dei drog på smilebandet. Lett hovudristing og eit tungt sukk var jamt over responsen me fekk frå dei som er unge i dag.

Som alle veit, er det å forklare kvifor noko er morosamt, ei tapt sak. Konklusjonen vert difor at det er bortkasta tid å fortelje denne vitsen til folk som ikkje kjenner til Oloph Granath, Bislett og lengdeløp på skeiser. Boklækjaren vonar det finst ein vaksen lesar eller to å humre saman med av den gamle vitsen. Og berre så det er klart: Me er slett ikkje utgått på dato av den grunn.

Løysingsforfattaren denne veka er òg ved å vere vaksen. Den 16. mai i år kan ho feire 75 års fødselsdag. Gunnar Bæra skriv: «Laila Stien er fødd i 1946, debuterte med novellesamlinga Nyveien og har sidan markert seg som ein kresen novellist, i tillegg til ein roman, barne- og ungdomsbøker og diktsamlingar. Som omsetjar har ho presentert ei rekkje samiske forfattarar på norsk. Ho har studert etnologi, samisk og sosialantropologi og er æresdoktor ved Universitetet i Tromsø. Sitatet er henta frå novellesamlinga Sånt som skjer (1988).»

Janneken Øverland skriv: «Å, den stemmen kjenner jeg igjen. Og da stemmer både navn, tittel og nobelprisvinneren Hermann Hesse i 1946: Laila Stien: Sånt som skjer. En fin-fin forfatter.»

Flinke folk som ikkje fór vill, men fann fram til Stien på oppgåve 1465: Signar Myrvang, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Truls Songstad, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Bjørn Myrvang, Janneken Øverland, Laura Killingbergtrø, Jan Alfred Sørensen, Kirsten Bakke, Olav Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Eirik Holten, Jorunn Røyset, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Jon Østbø, Eli Hegna, Jorunn Kleppe, Solrun Haukedalen, Gunder Runde, Torhild Bru, Ole Husby, Gunnar Bæra, Toril Ringholm, Per Trygve Karstensen, Pål Amdal, Tor Inge Tennfjord, Ingvar Engen, Reidar Birkeland, Torbjørn Ohnstad Skaim, Fritjof Lampe, Hans M. Gautefall, Audun Gjengedal, Sissel Gunnarshaug, Magnhild Reisæter, Nils Farstad, Turid Tirevold, Bjørn Ole Bjørnsen, Ståle Ritland, Folke Kjelleberg, Brita Lundeland, Gunnar Eide, Christine Løvold, Petter Kristensen, Olav B. Larsen, Erik Aamlid, Asbjørg Apalset, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Eva Sunde, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Ståle Ritland. Gratulerer!

Til sist i dag tek me med ein hyggeleg påstand frå Audun Gjengedal, som ikkje mistar motet etter mange tastetrykk på leit etter løysinga. Han skriv: «Det er kvar veke noko å læra av Klok på bok.»

Klok på bok 1467

Kjære alle svigerdøtre som leser dette. Dersom ekteskapet ditt er som Evas med Adam – husk at hun forledet ham til å spise av det forbudte eplet – da er du i samme båt som meg. Jeg råder deg innstendig til å behandle svigermor med den største forsiktighet.

Sitatet er frå s. 228 i boklækjarutgåva (2020). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1976. Forfattaren er fødd i eit år utan nobelprisvinnar i litteratur og døydde i eit år denne prisen gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Me vonar oppgåveløysarane ikkje får sand i maskineriet denne gongen. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 30. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis