Klok på bok

Underretning frå Ulvik

Publisert

Det er ikkje mykje som kan måle seg med å vere på Poesifestivalen i Ulvik. I og med at gleda er så stor når ein er til stades på arrangementet, var me ein trio som valde å gjere turen til fruktbygda litt vanskeleg, slik at me fekk ei kjensle av at det var velfortent å kome fram til festivalen. Frå Mjølfjell stasjon til Ulvikafjorden er det drygt 23 kilometer. Fyrst då me var i mål, fann me ut at turen var kategorisert som krevjande. Klok og tagal reiseleiar der, altså.

Boklækjaren hadde bore på ein draum frå fjell til fjord, og det var vedunderleg å kome til ein plass der hjarta opna seg og dører opna seg. Slik er det, og slik skal det vere når ein er på poesifestival.

Laurdag var det eit entusiastisk publikum som heiv seg med på kveldskviss om forfattarskapen og livet til Olav H. Hauge. Boklækjaren vart særs imponert over kor kunnskapsrike folk viste seg å vere. Vinnarlaget «SLOE» får hermed ein ekstra heider.

Ein stor takk til arrangørane, til fine folk frå Ulvik og til deltakarar som var med på å opne draumen og gjere Poesifestivalen 2022 uforgløymeleg.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Det einaste eg er nokså sikker på, er at eg ikkje har lese denne boka – siste setninga i utdraget hadde eg garantert hugsa! Som vanleg opnar eg med ein variant av ’stille stunder’, tar inn teksta og lar henne kvile litt. Kjem ikkje på andre enn Kjell Askildsen og Ole Robert Sunde som kan ha skrive noko slikt. Og ingen av dei er fødde i eit år med russisk nobelprisvinnar i litteratur. Så då er det å starte med ’same procedure’, nemleg å setje opp liste med forfattarar som ifølgje Wikipedias litteraturår-serie er fødde anten i 1958, 1965 eller 1970. Overkomeleg liste, særleg etter at eg har kutta ut folk utan bokutgjevingar i 2018. Etter å ha gått nærare inn på to moglege kandidatar, som altså ikkje er aktuelle likevel, så må eg berre innsjå at Wikipedia ikkje alltid er heilt å stole på. Neste fase: leite i ’årets bøker’ for 2018 for dei største forlaga – starta med Oktober, via Gyldendal, Aschehoug, Cappelen/Damm, før eg gav opp. Men etter ei lita kvild med kaffi i solveggen (ja, du las rett! strålande vêr i Ulsteinvik denne helga!) så starta eg på nytt, no med Tiden (som har uventa mange sprelske forfattarar på lista si!). Og der fann eg ein kandidat som kanskje kan vere aktuell, nemleg Per Schreiner, som eg aldri har lese noko av. Hans bok frå 2018 har den kryptiske tittelen Dagen før halv tre. Og under over alle under: Boka er tilgjengeleg på Ulstein bibliotek! Då fekk han gamlefar fart på seg, 10 minutt etter var eg på plass i godstolen i biblioteket, med denne boka i fanget. Og då fann eg også løysinga på den forunderlege tittelen: klokkeslettet då hovudpersonen skal starte med middagskokinga. Altså ikkje vekkasta blade-arbeid denne helga heller!

Og så var det namnet på den salat-etande mannen: Det er Fredrik, som hovudpersonen ei tid delte hybel med. Samtalen mellom desse to karane tek ein stor del av boka. Ein spesiell roman, med detaljar av alle slag gjennom boka.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement