Klok på bok

Ulf! Ulf!

Publisert Sist oppdatert

I dag er det Ulf Gerhard Lundell som er tema i spalta du les no. Det var nok ikkje nokon veg utanom. Boklækjaren har hatt periodar i livet der ei ny bok eller ei ny plate frå «Uffe» var så viktig at eg kunne slå av straumen til kjøleskapet, heile matbudsjettet var brukt på siste utgjevinga frå Lundell.

Om Ulf og om folk som meg har Linn Ullmann skrive ein særs fin artikkel med tittelen «Ulf og damene» i Aftenposten 5. august 2001. Her skriv ho Linn blant anna: «– Jeg skulle ønske at livet mitt var en Ulf Lundell-sang, sier min venn, en mann. Han sier: – Når jeg kjører bil om natten, ser jeg ingenting, jeg er trøtt og har vondt i ryggen. Når Ulf Lundell kjører bil om natten, sitter en sovende ung kvinne i setet ved siden av, han tenker på den kinesiske skjønnheten Gong Li, og plutselig lysner det og han sier til den unge kvinnen: ’Fäll ner spegeln/ och gör dig vacker igen/ jag tror jag ser en ny stad/ långt där framme’.»

Det er eit intenst liv Lundell har levd, ikkje minst har tørsten etter alkohol sørgt for store overskrifter. Under ein sommarturné i 1991 måtte han avlyse ein utseld konsert i Hultsfred, av di konsumet hadde komme ut av kontroll. Kommentaren Uffe kom med i ettertid, er no ein klassikar i det svenske språket, nemleg: «En inställd spelning är också en spelning!»

Fyrste gong boklækjaren såg Ulf Lundell i levande live, var på festivalen Norwegian Wood på Bærums Verk i 1992. Lause rykte sa at Uffe hadde eitt krav for å spele på festivalen, nemleg at han fekk spele sist. Det fekk han, og for ein konsert det vart. Men byrjinga var treig. Det var noko gale med lydanlegget, slik at ikkje ein tone frå instrumenta kom ut gjennom dei gigantiske høgtalarane til bandet. Men mikrofonen verka, og publikum fekk såleis beskjed om at snart, straks, om ei lita stund ville konserten gå i gang. Etter ein dryg time var det ved å vere slutt på tolmodet hos folk, og nokre byrja å rope i kor at Lundell skulle spele noko akustisk. Då gjekk Ulf bort til mikrofonen, og tusenvis av tilskodarar fekk sjå og høyre kven som var sjefen. Med raspande røyst kom det frå Uffe: «Nej, jag tror inte det. Jag känner mig elektrisk ikväll!»

Denne augneblinken syntest eg var både magisk og utruleg tøff, der og då. Det gjer eg framleis. Det vert nok ikkje annleis med det.

Folke Kjelleberg skriv: «Oppgåva er henta frå romanen Kysset, omsett til norsk i 1983 av Torstein Hilt og gjeven ut på Cappelen. Originalutgåva Kyssen kom ut på svensk i 1981. Forfattar er svenske Ulf Lundell – han med ’Öppna landskap’. Han vart fødd i Stockholm i 1949, same året som amerikanske William Faulkner vann nobelprisen i litteratur.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement