I dag skal me ikkje spole tida tilbake til Poesifestivalen i Ulvik 2022, sjølv om det er freistande. Nei, me skal heilt attende til 1935 og Nobelprisen i litteratur som ikkje vart delt ut det året. Det er Kjell Håve som vil ha ei nærare forklaring på kva som skjedde då Svenska Akademien valde å ikkje peike ut ein vinnar i 1935.
Dei fleste kjeldene seier at Nobelkomiteen for litteratur kom fram til at ingen av dei nominerte forfattarane fortente prisen. Då eg las dette, vart eg nyfiken. Kven var desse udugelege forfattarane som var nominerte i 1935? Det viser seg at lista er lang, heile 37 forfattarar er representerte i oversikten over dei som ikkje var kvalifiserte.
Ein som var nominert også i 1935, var Olav Duun. I alt 24 gonger på 14 år vart Duun peika ut som kandidat, men diverre nådde han Olav aldri heilt opp. Ein smule merkeleg er det dessutan at fire av dei som ikkje var prisverdige i 1935, seinare vart rekna som gode nok til å få prisen. Fyrst fekk Eugene O’Neill Nobelprisen i litteratur i 1936, deretter Roger Martin du Gard i 1937, så Frans Eemil Sillanpää i 1939 og til sist Johannes V. Jensen i 1944. Om det finst folk der ute som har supplerande, eller korrigerande, opplysningar om kva som gjekk føre seg i Svenska Akademien i 1935, nøl ikkje med å skrive til oss her i Klok-redaksjonen.
I leitinga etter ei forklaring til Kjell Håve kom eg til å tenkje på eit fint sitat musikaren og poeten Blaze Foley skal ha vore opphavsmann til. Nemleg: Hugs berre at du ikkje alltid får det du går etter, men at du får det du ikkje ville fått om du ikkje hadde gått etter det du ikkje fekk.
Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «For ein ihuga Vesaas-fan var dagens tips midt i blinken! På nokre sekundar hadde eg sett opp ei liste med aktuelle namn, som eg ikkje fekk bruk for, fordi Mattis (Fuglane) stod øvst på lista. Forfattaren er altså Mattis Øybø, og boka har tittelen Den siste overlevende er død. Boka las eg i samband med programma omkring P2-lyttarprisen for 2021, men sjølvsagt kjende eg ikkje att sitatet, og ikkje hugsa eg at Hamsun-figurar var inne i biletet. Men til alt hell: boka er tilgjengeleg i bok-bite-lageret, og eg fann minst fire Hamsun-namn, nemleg løytnant Glahn (Pan), Nagel (Mysterier) og dei to hovudpersonane i Victoria, nemleg Victoria og Johannes. Øybø vart fødd i 1971, det året Thorkild Hansen fekk Nordisk råds litteraturpris. Boka til Øybø fekk god mottaking då ho kom ut, det same fekk Elskere, som var den nest siste boka Øybø gav ut. Han debuterte i 2003, og har ikkje gitt ut så mange bøker, det går nokre år mellom kvar utgjeving, det er kanskje ikkje det dummaste ein gjer, dersom resultatet er at bøkene vert gjennomarbeidde og gode.»
Kari Vevatne skriv: «Tusen takk enda en gang for alt jeg lærer av Klok på bok!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.