Tsundoku
Denne gongen byrjar me med ein forfattar boklækjaren ikkje har lese ei einaste bok av. Det er Game of Thrones-forfattaren George Raymond Richard Martin som skal få litt merksemd frå boklækjaren i dag. Han skriv innanfor sjangrane fantasy, horror og science fiction, og bøkene hans er dimed noko eg ikkje ville tatt i med ei pølseklype. Slik er eg. Det er du òg.
Men blind høne finn òg korn, seier folk som kan noko om høns og næringsrike dyrka grasarter. Eg fekk auge på eit fyndord frå Martin, diverre er han ikkje heilt stø i nynorsk, så eg måtte omsetje det, og då vart det: «Ein som les bøker, lever tusen liv før døden. Ein som aldri les bøker, lever berre eitt.»
Mange av dei fiktive innsendarane har insistert på eit grunnleggande kurs i japansk her i bokhjørnet. Som eit prov på velvilje frå Klok-redaksjonen får lesarane denne veka ein mjuk start på prosjektet med å lære seg nihongo. Me skal fram til ordet tsundoku, og det er eit særs viktig ord. Tydinga er: «Å kjøpe fleire bøker enn du kan nå å lese.» Det er nok ikkje berre Gunder Runde og boklækjaren som kjenner til syndromet, og no kan me alle saman seie det på japansk. Aldri ein fredag utan at ein vert litt klokare av å lese spalta her.
Me får meir klokskap når Laurits Killingbergtrø presenterer løysinga denne veka. Han skriv: «Det var ei arbeidsam oppgåve vi fekk denne gongen, Medikus. Såleis ’måtte’ eg lese meg gjennom ei bok på over 600 sider for å få løyst ekstraspørsmålet. Men det var det verdt, og det var triveleg å bli betre kjend med forfattaren. Han heiter Jonathan Franzen og er fødd nær Chicago i 1959, det året italienaren Salvatore Quasimodo fekk Nobelprisen i litteratur. Boka av Franzen frå 2001 hadde tittelen The Corrections, og den norske omsetjinga av Jorunn og Arne-Carsten Carlsen året etter fekk tittelen Korrigeringer. Boka er rik på ulike personar og hendingar, men likevel lett å følgje med på. No ja, somme av sekvensane har kanskje meir appell til yngre lesarar enn ein gammalkall som meg. I boka fortelst det mellom anna om ei båtreise der nokre skandinavar møtest, og der treffer forfattaren godt den nabomotsetnaden som kan finnast i området vårt. Ei norsk Mrs. Nygren kyter av at nordmenn er så ihuga boklesarar, men da lyt svenske Mr. Söderblad straks fram med nokre spitord om norske pratmakarar. Men den norske frua gjev seg ikkje og fortel at mannen Per kvart år les eit verk av kvar einaste nobelprisvinnar i litteratur. Så da blir resultatet av det mødesame strevet mitt: Per Nygren. Og kona heiter Inga, så det er sagt.»
Gunnar Bæra skriv: «Den amerikanske forfattaren Jonathan Franzen debuterte i 1988. Den tredje romanen hans kom i 2001 og vart omsett til norsk som Korrigeringer. Det er ei lang og ordrik, men interessant forteljing om ein tidvis dysfunksjonell familie. Eit av høgdepunkta i boka er ei skildring av eit cruise utanfor Nova Scotia der ei rekkje eldre menneske alle vert tekne på kornet.»
Eli Hegna skriv: «At det dukker opp en lesende nordmann, Per Nygren, i Jonathan Franzens store roman Korrigeringer er pussig. Nygren er ellers ikke et etternavn jeg ville ha valgt på en ’typisk’ nordmann – Per, derimot, er en fulltreffer. En tragisk-komisk familiekrønike fra amerikansk samtid som det tok ni år å skrive.»
Med eller utan å rette feil kom desse klokingane fram til Franzen og dimed rett svar på oppgåve 1565: Signar Myrvang, Eli Winjum, Paul Henrik Hage, Skeisebibliotekaren I LASK, Ingebjørg Sogge, John Olav Johnsen, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Arne Thorvik, Torhild Bru, Eli Hegna, Gunder Runde, Reidar Birkeland, Laurits Killingbergtrø, Audun Gjengedal, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Folke Kjelleberg, Erik Aamlid, Sigrun Gjengedal Ruud, Kjell Helge Moe, Nils Farstad, Gunnar Eide, Sissel Gunnarshaug, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Fritjof Lampe, Hans M. Gautefall, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Bæra, Camilla Høvik, Inger Margrethe Berge, Jorunn Brekke Fjeldheim, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Sissel Gunnarshaug. Gratulerer!
Klok på bok 1567
Jeg vet det: Det er ikke kunsten min som er skandaløs, men livet mitt. Ikke verkene, bare livene til kunstnerne kan heretter være skandaløse. Ikke søl trøffel på frakken Deres! Drikk!
Sitatet er frå side 31 i boklækjarutgåva (2008). På originalspråket kom boka ut i 1987. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I boka får me eit vell av forteljingar, og i ei av dei får me høyre om ein fatal krangel om ei køyregreie. Av dei to som krangla, døyr den eine, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva det på gravsteinen til denne figuren står som grunn til at han døydde. Send dødsårsak, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. februar.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.