JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Tsjekkartriks

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4993
20230616
4993
20230616

Utan at me kan vite det med visse, går Klok-redaksjonen ut frå at det ikkje er mange av lesarane som heiter Sherlock Holmes eller Hercule Poirot. Likevel mistenker me at ein stor del av dei faste bokvenane har gjennomskoda at Medikus har eit ømt hjarte for tsjekkarar og tsjekkisk litteratur.

No er ikkje tsjekkisk det enklaste språket å lære seg for folk med norsk som morsmål. Tru meg, eg har prøvd. Heldigvis har me dyktige omsetjarar og gjendiktarar her i landet, så om du ikkje har lese pensum i tsjekkisk litteratur, held det ikkje å gøyme seg bak at du ikkje forstår språket.

Men kva er obligatorisk litteratur frå Tsjekkia? Det er innlysande at Franz Kafka må med i oversikta, sjølv om han skreiv på tysk, og litteraturprofessor Harold Bloom difor ikkje har han med som tsjekkisk representant i boka Vestens litterære kanon. På pensumlista til Bloom har fylgjande tsjekkiske forfattarar fått plass: Karel Capek, Václav Havel, Milan Kundera, Jaroslav Seifert og Miroslav Holub. Alle desse forfattarane finst i norsk språkdrakt. Om du har eit hol eller to, er det berre å få lese seg opp i løpet av sommaren, så skal eg ikkje seie det til nokon.

Vidare til ei kjensgjerning, spesielt retta mot lesarar som ber på ein draum om å få arbeid på sirkus: Hugs at om du søkjer stillinga som sirkusklovn, kan det verte store sko å fylle.

Endeleg skal me sjå på løysinga me skulle fram til denne gongen. Gunder Runde skriv: «Heldigvis ikkje så mange tyske nobelprisvinnarar i det aktuelle tidsrommet, det vil seie før ca. 1965, tenkte eg. Den einaste aktuelle er Thomas Mann (1929). Så då er det vel ei enkel sak å leite opp forfattarar fødde dette året. Jammen sa eg smør! 1929 må ha vore eit kronår for forfattarfødslar, eg tel ca. 150 namn på litteraturåret 1929! Då må eg nok finne ein annan taktikk: sjølvsagt: Årets bøker 1960. Eg blar og blar og finn tre aktuelle forfattarar, men berre éin av desse har ein akseptabel tittel på denne vekas bok, nemleg Christa Wolf (1929–2011), med Sommerstykke. Christa Wolf vaks opp i Aust-Tyskland og var medlem av kommunistpartiet – det er kanskje grunnen til at bøkene hennar vart utgitt både aust og vest for jarnteppet. Ho var medlem av partiet fram til 1989, og etter murens fall var ho rekna som motstandar av samanslåing av dei to tyske statane, ho meinte at DDR kunne nå fram til demokrati på eiga hand. Seinare vart det kjent at ho hadde vore medarbeidar for Stasi, og denne avsløringa gjorde at ho ei tid trekte seg tilbake frå det offentlege livet. Ho er rekna som ein feministisk forfattar, med bøker som Kassandra og Medea. Den sjølvbiografiske romanen Kindheitsmüster frå 1979 er rekna som hovudverket hennar, men denne boka er ikkje omsett til norsk. Sommerlykke handlar om ekteparet Ellen og Jan, som flyttar til ein landsby saman med døtrene, ei av desse er Jenny, som er talerøyret i Kpb-utdraget frå romanen. Etter kvart vert det eit slags kollektiv i denne vesle byen, og det er livet til desse menneska gjennom ein sommar som vert skildra. Boka vart svært godt mottatt, og ho har til og med vorte samanlikna med Marcel Prousts verk. Og så var det slektningen: endå ein gong ei dame på W, nemleg tante Wilma.»

Når det kom til stykket, fekk me rett svar på oppgåve 1581 frå Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, Jorunn Røyset, Signar Myrvang, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Olav Holten, Eli Hegna, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Camilla Høvik, Bjørn O. Bjørnsen, Erik Aamlid, Paul Henrik Hage, Per Trygve Karstensen, Jorunn Øxnevad Lie, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Turid Tirevold, Reidar Birkeland, Lise Haaland, Gunnar Bæra, Ole G. Evensen, Ingebjørg Sogge, Eirik Holten, Kjell Helge Moe, Sigrun Gjengedal Ruud, Laura Killingbergtrø, Brita Lundeland, Torleik Stegane, Arve Kjøstvedt, Else Gjesdahl Sørensen, Inge Strand, Magnhild Reisæter, Nina Korbu, Inger Margrethe Berge, Olav B. Larsen, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Eide, Dei kvasse på Fana, Robert Øfsti, Sissel Gunnarshaug og Ole Husby. I dag går bokpremien til Bergen og til Dei kvasse på Fana. Gratulerer!

Klok på bok 1583

Her er det en som klarte å stoppe opp i en alder som passet ham. For det er sikkert at alle mennesker har sin egen passende alder. Noen forblir barn gjennom hele livet, noen er usikre og odde og finner ikke sin plass, helt til de plutselig blir kloke og vakre gamle koner og gamle menn: De er kommet til sin rette alder.

Sitatet er frå s. 169 i boklækjarutgåva (2021). På originalspråket vart romanen publisert fyrste gong i 1937. Me skal fram til ein forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. I boka er det mange byar som vert nemnde, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på tre hovudstader av desse. Send namn på tre hovudstader, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 24. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis