Klok på bok

Trøbbel og tonekunst

Publisert

Det har nett vore sommarsolkverv, og no i helga er det jonsok. På primstaven er det mange merkedagar å merke seg framover. 29. juni er det persok, og tidlegare var det slik at folk flest skulle faste og ikkje arbeide på denne dagen. I takt med tida har det etter kvart vorte slik at ein kan velje mellom avhald frå mat og drikke, eller å ta seg ein fridag når det er persok.

Ifylgje primstaven er det syftesok den 2. juli. Her seier tradisjonen, særleg på Sunnmøre, at ein skal ete fløytegraut på dagen. Mange stader i landet, også på Sunnmøre, er det innført valfridom med omsyn til graut eller ikkje graut på syftesok.

Ein merkedag det finst forvirring kring, er 10. juli. Då er det knutsok, men stikk imot kva mange trur, er dagen ikkje namngjeven etter Knut Hamsun. Om lesarane likevel vil heidre Hamsun på knutsok, skal dei ikkje frykte for refs frå boklækjaren. Eit døme på at Hamsun fortener merksemd i desse lyse dagane, finn me i Pan: «Der begyndte at blive ingen Nat, Solen dukked saavidt Skiven ned i Havet og kom saa op igen, rød, fornyet, som om den havde været nede og drukket.»

Laurits Killingbergtrø leita fram løysinga også denne gongen. Han skriv: «Takk for ny oppgåve, som for meg vart litt arbeidsam. Tekstklippet er frå ein nynorsk roman som kom i 2022, og da kunne det gått opp eit lys med det same. Men ikkje for meg, så eg tok i bruk tipset om at forfattaren er fødd eit år da det var ein nobelprisvinnar som skreiv på spansk. Der plukka eg ut årstala 1967, 1971, 1982 og 1989 som mest aktuelle. Men her var ikkje Wikipedia til noka hjelp med sitt ‘Litteraturåret (det og det)‘. Derimot var det nettstaden Oria som gav meg løysinga. Søk med kombinasjonen ‘roman nynorsk 2022 1982’ gav tre tilslag, men einast Ingelin Westeren hadde eit godteke fødselsår (1982). Boka hennar frå 2022 har tittelen Musikk for folk i trøbbel. Den boka fann eg, heldige byborgaren, på nærbiblioteket og fekk stadfesta sitat på rett side. Alle suter sløkte? Tja, berre det at no vart det å pløye seg gjennom 281 sider på jakt etter to kattepusar. Da kunne det vere lett å misse tråden når ein samstundes vart fengd av forteljinga til eg-personen Ida. Sjølv for ein høgaldra trønder var det interessant å få innblikk i det ungjentemiljøet i Oslo som ho skildrar. Men Ida har det slett ikkje lett og strir med personlege problem og usikker økonomi. Så var det kattane. Rufus blir vi kjende med alt på side 9, der han blir med familien når dei flyttar. Den andre, Tomine, oppdaga eg ikkje før på side 137, der ho blir sjuk og lyt til dyrlækjar. Har eg no løyst gåta, må tru? Ingelin Westeren er fødd i Møsstrond. Ho er ein ny og spennande forfattar som skriv god nynorsk, og vi ventar på framhaldet.»

Oddny Espeland Ystanes skriv: «Så fint at Medikus Libri denne veka har funne fram ei bok som eg har lese dette året! Eg fekk boka til jol i 2022. Forfattaren er Ingelin Westeren, ho er fødd i 1982, og det året fekk den colombianske forfattaren Gabriel Garcia Márquez Nobelprisen i litteratur. Tittelen på verket er Musikk for folk i trøbbel

Nina Korbu skriv: «Dette er så moro! Jeg gleder meg til hver fredag morgen nå, og en ny litterær nøtt i Klok på bok.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement