Klok på bok

Teke på kornet

Publisert

Samstundes som du les dette, er boklækjaren i Böhmen. Her er eg nok ein gong på ei fagleg tung studiereise, og heile turen vert betalt av bladstova. Trur eg. Vonar eg.

No er det ikkje slik at boklækjaren driv ein bigeskjeft i bransjen for bjørneskinn. Eg har god grunn til å rekne med at rekneskapsføraren i Dag og Tid vil gje meg raus refusjon etter at eg har vore på ekskursjon. Her om dagen fekk eg nemleg e-post som sa at avisa dekkjer alle reisekostnadene til studieturar. Rett nok hadde eg skrive e-brevet sjølv, men likevel.

I Praha er planen mellom anna å vitje grava til Václav Havel. Om det skulle vise seg vanskeleg å få godtgjersla eg håper på, finn eg trøyst i noko Václav sa ein gong: Håp er ikkje det same som optimisme. Det er ikkje overtydinga om at noko vil gå bra, men ei visse om at noko gjev meining, uansett korleis det blir.

Så til løysinga i dag. Eiliv Olsen skriv: «I 1951 kom romanen The Catcher in the Rye av Jerome David Salinger ut. Boka er ei slags dagbok, skriven av syttenåringen Holden Caulfield som nyleg er utvist frå skulen av di han har stroke i alle fag unnateke engelsk. Han tek drosje til New York, og boka handlar om kva han gjorde og kven han møtte dei tre neste dagane. Han gir seg ut for å vera 22 år gamal og møter nokre av lærarane, nokre småkriminelle og ei gatejente. Han opplever stort sett nedturar. Sinnsstemningane hans vekslar frå påtatt ’tøff i trynet’ til gråt. Ingen verkar å vera viktige for han, med to unntak: læraren Antolini, som han vitjar og har ein god samtale med, og veslesystera Phoebe, som er 10 år gamal, og som han gjerne vil ’redde’ (catch) frå den rugåkeren (the Rye) han føler verda er. For ved enden av åkeren er det eit stup som alle barn kan falle utfor, tenkjer han. Tittelen på boka er Holden si feilsitering av Robert Burns-diktet «Comin’ Thro’ the Rye». Holden tenkjer «Catching through the Rye». I motsetnad til dei såkalla ’danningsromanane’ endrar ikkje Holden seg til ’det betre’. På 1950-talet finn vi den same framstillinga av unge menn i filmane Øst for Eden og Rotløs ungdom med James Dean i hovudrolla. Salinger var fødd i 1919 og døydde i 2010. Då hadde han levd tilbaketrekt i New Hampshire i mange år. I 2005 kåra Time Magazine The Catcher in the Rye til ei av dei 100 beste bøkene i verda. Mark Chapman, som skaut John Lennon i 1980, hadde eit eksemplar av boka på seg då dei arresterte han. I boka var det skrive: ’Til Holden C. frå Holden C.’»

Sjur Joakim Fretheim skriv: «Svaret på Kpb-1516 lyt vere J.D. Salinger og Redderen i rugen. Eg humra godt og hugsa boka i same stund som eg ’catcha’ det finurlege hintet om at den vanskelege alderen er ’teke på kornet’ i romanen. Takk for livsforlenginga.»

Desse klokingane hadde løysinga på kornet og fekk fulltreff på oppgåve 1516: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Gunn Bull-Berg, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Petter Kristensen, Ingebjørg Sogge, Nina Therese Maubach, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Sivert Nesbø, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Arne Fredlund, Pål Amdal, Randi Aamodt, Gunnar Eide, Ingunn Bergem, Fritjof Lampe, Per Olav Skjevdal, Olav Holten, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Jorunn Røyset, Eli Hegna, Ole Husby, Jorunn Øxnevad Lie30, Inge Strand, Helge Flæte, Kirsten Bakke, Audun Gjengedal, Jan Erik Røed, Torbjørn Ohnstad Skaim, Torbjørg Langdal, Nils Farstad, Odd Storsæter, Eirik Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Turid Tirevold, Erik Aamlid, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Oddlaug Bringe Walaker, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Bjørn Gjermundsen, Hans M. Gautefall, Øystein Stokland, Anne Berit Skaarer, Sigrun Gjengedal Ruud, Eiliv Olsen, Gunnar Eide, Jan Alfred Sørensen, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Arne Thorvik, Brita Lundeland, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane og Dei kvasse på Fana.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement