JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Tanverk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4962
20221007
4962
20221007

«Kan du ikke endre din skjebne, så må du endre din holdning.» Ja, desse høgfløygde orda kom fram på skjermen då eg skulle lese meg opp på løysingsforfattaren denne veka. Fyrst tenkte eg at det nok kunne stemme at Amy Tan hadde skrive denne setninga, ho skriv mykje om lagnad i fleire av bøkene sine. Men etter kvart kom eg i stuss. Det var noko som skurra, hadde eg ikkje lese noko liknande før?

Plutseleg var eg Hercule Poirot, og etter litt etterforsking fekk eg stadfesta mistanken. Hos Amy Tan står setninga på side 265 i Kjøkkengudens kone, som på originalspråket kom ut i 1991. Men fleire stader på nettet står forretningsmannen og filantropen Charles Revson som opphavsmann til sitatet. I og med at Revson døydde i 1975, altså 16 år før Amy Tan gav ut The Kitchen God’s Wife, er det særs usannsynleg at det var filantropen som kopierte forfattaren.

Strengt tatt er ikkje sitatet vi byrja med i dag, noko å kivast om. Det er laust prat ut i blå luft. Me seier alle saman noko tåpeleg no og då. Ja, du òg.

Løysinga i dag er altså eit verk av Amy Tan. Gunder Runde skriv: «Denne gongen greidde eg ikkje å hente noko særleg ut av sitatet, bortsett frå at det ser ut til å vere ei skildring av starten på ein ekteskapleg konflikt. Men eg kan i alle fall tolke at det må vere tale om ein kjend/populær forfattar, sidan boka kom på norsk allereie året etter ho vart gitt ut på originalspråket. I meste laget av franske forfattarar som har fått Nobelprisen i litteratur, eg avgrensar meg til åra etter krigen, fram til 1964, det vil seie fem år å konsentrere seg om. Wikipedia gir i grunnen lite handfast, så dermed leiter eg fram Årets bøker frå 1996. Allereie på side 4 trur eg at eg har funne rett forfattar, sitat: ’et ekteskap som er gått i stå’. Men det viser seg å vere falske voner, vedkomande forfattar er fødd i 1931, og boka kom ut i 1994. Så då er det berre å blade vidare i bokkatalogen frå 1996. Mykje heldigare ved neste stopp, på side 7: Amy Tan, med boka Hundre hemmelige sanser. Eg har blanda erfaringar frå bokbloggarsidene, men ei av desse sidene gav meg i alle fall ei opplysning om at dei to hovudpersonane i boka er halvsøstrer (Olivia og Kwan). Merkeleg nok er det opptil fleire bøker av Amy Tan på biblioteket, og eg fann til og med ut (på første side i romanen) at far deira heiter Jack Yee. Amy Tan er for meg berre eit forfattarnamn på tre bokstavar i kryssordoppgåver, eg har ikkje noko forhold til den litterære verda hennar. Men ho er altså dotter av kinesiske immigrantar, er fødd i 1952 og voks opp i California. Ho har skrive mykje om mor–dotter-relasjonar, mellom anna i debutboka Lykke og glede (1989), som kanskje er hennar mest kjende bok. Og det er alt jeg for tiden vet, om Amy Tan og om kjærlighet.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg har strevd med å finne svaret på vekas gåte. Medikus Libri skreiv om si erfaring med svarte hol, og eg kjente på trongen til å hive både Dag og Tid og iPaden i det nærmaste gjørmeholet eg veit om. Heldigvis kom eg på nesten uforståeleg vis plutselig over ein forfattar og ein roman som passa til tipsa. Eg har så vidt starta lesinga i Amy Tan si bok Hundre hemmelige sanser

Desse mista ikkje sans og samling i leiting etter løysing på oppgåve 1547: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Farstad, Ole G. Evensen, Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Arne Thorvik, Ole Husby, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnar Bæra, Lise Haaland, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Dag Skarstein, Brita Lundeland, Audun Gjengedal, Ragnhild Eggen, Roar Øvrebust, Jorunn Øxnevad Lie, Per Trygve Karstensen, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Bjørn Myrvang, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Margrethe Berge, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Sjur Joakim Fretheim og Robert Øfsti.

Og bokvinnaren? Ho heiter Anne Berit Skaarer. Gratulerer!

Klok på bok 1549

Rabelais er en morsk, frekk, fordervet og vanartet papegøye, og det er ingen som rår med den. Det hender nok at den roer seg noe ned og sier «sjokolade» og «Portugal» og andre ord som sømmer seg for en fin papegøye, men tankeløs som den er, begynner den rett som det er, kanskje nettopp mens eierinnen har besøk, med å remje grovheter og slibrigheter med sprukken stemme som en gammel peppermø.

Sitatet er frå side 126 i boklækjarutgåva (1990). På originalspråket kom romanen ut i 1951. Me skal fram til ein nobel forfattar som var fødd i eit skotår. Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Norden dette året. Løysingsboka er full av figurar, og mange lesarar vil kjenne trong til å summe seg undervegs. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på systera til ei kafévertinne me vert kjende med tidleg i romanen. Send namn på syster til kafévertinne, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 15. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis