Klok på bok

Sumarsolkverv

Publisert

Det er det same kvart år. Straks sumaren er i kjømda og me gler oss til lyse kveldar, kjem sumarsolkverv snikande og syrgjer for at det går mot mørkare tider på den nordlege halvkula. Her i bokstova har me freista å få til ei endring på dette, diverre var det ikkje så mykje me fekk gjort med himmellekamane. Når dei gilde sumardagane litt etter litt vert kortare, finst det heldigvis eit triks me har god erfaring med. Nemleg å gjere som Aslaug Låstad Lygre seier og ta sumarnatta i bruk. Som det heiter i eit finsk ordtøke: «Svevn gjev ingen pels.»

Så til løysinga i dag. Kristin Flo skriv: «Denne gongen var det noko veldig kjent med sitatet, utan at eg greidde å komme på kvar eg hadde lese det. Men med hjelp av tipsa kom eg fram til at det måtte vere henta frå boka Så du ikke går deg bort av Patrick Modiano, som fekk Nobelprisen i litteratur i 2014. Denne boka las eg då ho kom på norsk, og ho gav meg fleire spørsmål enn svar, men var ei flott bok til å grunde over. For å få verifisert sitat og ikkje minst finne fram til den omtalte debutromanen ville eg sjekke boka på Arendal bibliotek, men ho var utlånt. Eg mistenker at det kan vere ein annan ivrig Klok på bok-løysar som har lånt ho før meg... I alle fall vart eg gåande og grunde på kvar eg skulle få tak i eit eksemplar innan fristen? Løysinga vart å låne e-bokutgåva i BookBites. Her er det fleire sider enn i papirutgåva, men etter å ha bladd på telefonen kom eg fram til riktig sitat og debutromanen til hovudpersonen er Sommerens mørke. Det var på hengande håret denne gongen! Men etter alt dette strevet, fortener eg å lese boka ein gong til, noko som denne boka verkeleg toler. Gleder meg til det. Takk for fine oppgåver! Det er kjekt å kunne drive litterært detektivarbeid, og til refleksjonane frå sist om at ein favoriserer dei med tilgang til bibliotek: Det er gode folkebibliotek i kvar einaste kommune, og eg er sikker på at bibliotekarar rundt forbi set pris på å bistå Klok på bok-nerdar i arbeidet med å finne rett svar.»

Cyno Grassator skriv: «Mistral: Heile to diktarar i nobelklassa har namn etter den mektige nordavinden som blæs nedetter Rhonedalen med kald luft frå Alpane. Frédéric, det provençalske språkets Ivar Aasen, ein delt nobelpris 1904, deretter chilenske Gabriela, som dikta på spansk og tok imot prisen i 1945, same år som Patrick Modiano vart fødd i Paris. 70 år seinare kom denne Modiano ut på norsk med romanen Så du ikke går deg bort. Der skriv han om ein oppdikta forfattar, Jean Daragane, som i ungdommens år debuterte med den fiktive romanen Sommerens mørke. Til liks med mang ein figur hjå Modiano søker han kontakt med fortida si, og Daragane lykkast til gagns, med romanen som kontaktannonse oppnår han nærkontakt med kvinna som tok hand om han den gongen då han var ein liten og nærast foreldrelaus pjokk i Paris.»

Om løysingsboka skriv Arne Thorvik: «Glimrende oversatt av Tom Lotherington.»

Desse gjekk seg ikkje bort i mørke, men kom fram til rett svar på oppgåve 1534: Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Anne Hammervoll, Petter Kristensen, Laurits Killingbergtrø, Signar Myrvang, Fritjof Lampe, Eli Hegna, Gunnar Bæra, Vigdis Hegna Myrvang, Nils Farstad, Bjørn Myrvang, Pål Amdal, Eli Winjum, Audun Gjengedal, Bjørn Gjermundsen, Ragnhild Eggen, Gunder Runde, Eli Søyland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Cyno Grassator, Reidar Birkeland, Arne Thorvik, John Olav Johnsen, Folke Kjelleberg, Kristin Flo, Jan Alfred Sørensen, Marta Kløve Juuhl, Turid Tirevold, Yngve Skjæveland, Dei kvasse på Fana, Torleik Stegane, Per Trygve Karstensen, Else Gjesdahl Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Erik Aamlid, Anne Berit Skaarer, Robert Øfsti, Sissel Gunnarshaug, Sjur Joakim Fretheim, Ole G. Evensen og Gunnar Eide. Bokvinnaren heiter Vigdis Hegna Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1536

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement