JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Sumarhalvår

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4877
20220325
4877
20220325

Sundag var det vårjamdøger. No vert dagane lengre og nettene kortare heilt fram til haustjamdøger kjem snikande natt til 23. september. Dimed kan me slutte at Nostradamus frå Bodø, Halvdan Johannes Falck Sivertsen, fekk rett i år òg: Han e lang vinter’n, men ikke evig. Sanneleg er det godt at det er stell på noko.

Her i bokstova hugsar me det som ein slags stutt trend, dette med å oppmode folk om å gje meir av seg sjølv. Etter kvart som fleire og fleire tok ynsket på alvor og byrja plapre laus i timevis om til dømes ein sokk dei ikkje kunne finne, vart det brått slutt på initiativet. I Klok-redaksjonen er det difor delte meiningar om kor mykje me skal snakke om kva som skjer på kammerset. Eit knapt fleirtal har likevel kome fram til at me skal svare når Oddlaug Bringe Walaker spør: «Kor mange svar plar Medikus få utanom dei som har treft rett i blinken?»

Sanninga er at det varierer veldig frå veke til veke. Det er alltid meir enn éin bom, og dei som gissar gale, svarer som oftast det same. Denne gongen var det ei lita handfull innsendarar som ikkje hadde 100 prosent treff på tilleggsspørsmålet, men boklækjaren er våryr og lèt nåde gå for rett.

Så til løysinga og til Ingebjørg Sogge, som skriv: «Fleur Jaeggy er ein sveitsisk forfattar som bur i Milano og skriv på italiensk. Kortprosasamlinga Jeg er broren til XX er den tredje boka som er omsett til norsk. Og prosaen hennar er verkeleg kort. Nobelprisvinnaren og venen Josif Brodskij skal ha sagt at ein ikkje treng meir enn fire timar for å lese alt ho har skrive, men eit heilt liv til å tenke igjennom det. Han har fått sin plass i samlinga. Og i teksten som dagens sitat er henta frå, samtalar ho med den austerrikske forfattaren Ingeborg Bachmann om alderdommen. Ho kan sjå for seg at dei to venninnene kanskje kan tilbringe han i lag for å gjere han mindre forferdeleg. Men Bachmann er atterhalden, og ho har grunn til det, for ho døyr av brannsår ho har fått etter røyking på senga ikkje så lenge etterpå. Boka er altså delvis sjølvbiografisk, og gir glimt av levd liv, personlege observasjonar og innsikter, men privat eller sentimentalt blir det aldri.»

Petter Kristensen skriv: «Et spennende møte med en forfatter som gjør inntrykk! Novellesamlinga er Jeg er broren til XX og sitatet er fra ’Det sterile rommet’. Forfatteren Fleur Jaeggy samtaler her med kollega Ingeborg Bachmann. Jaeggys visitt til Sant’Eugenio-sykehuset i slutten av novellen ender sannsynligvis opp i pasientrommet hvor Bachmann døde. Ingeborg Bachmann var også en tidligere Kpb-forfatter, og ikke den eneste: i novellen ’Negde’ møter vi Josif Brodskij fra Kpb i 2018!»

Eirik Holten skriv: «Det er farleg å røykja, særleg sigarettar seiest det. Italiensk politi konkluderte med at det var sigarettrøyking som var årsaka til at nattkjolen til Ingeborg Bachmann tok fyr natta til 23. september 1973. Om morgonen vart ho lagd inn på Sant’Eugenio-sjukehuset med andre- og tredjegrads brannskadar. Abstinens etter liberalt bruk (for å seia det varsamt) av barbiturat gjorde det ikkje noko betre, og ho døydde 17. oktober. Det er denne Ingeborg løysingsforfattaren Fleur Jaeggy samtalar med i sitatet. Dei budde begge i Roma ein periode.»

Godkjende svar på oppgåve 1522 fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Ingebjørg Sogge, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Lars Gunnar Lingås, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Pål Amdal, Ole Håndstad, Jan Alfred Sørensen, Torbjørn Ohnstad Skaim, Eli Hegna, Yngve Skjæveland, Ragnhild Eggen, Hans M. Gautefall, Gunnar Bæra, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Erik Aamlid, Per Trygve Karstensen, Sjur Joakim Fretheim, Bjørn Gjermundsen, Audun Gjengedal, Petter Kristensen, Jan Erik Røed, Inge Strand, Turid Tirevold, Kristian Myklebust, Marta Kløve Juuhl, Sigrun Gjengedal Ruud, Laura Killingbergtrø, Nils Farstad, Eirik Holten, Olav Holten, Gunnar Eide, Magnhild Reisæter, Ole G. Evensen, Olav B. Larsen, Kjell Helge Moe, Dei kvasse på Fana, Jorunn Øxnevad Lie, Robert Øfsti, Anne Berit Skaarer, Inger Margrethe Berge, Folke Kjelleberg, Reidar Birkeland og Arne Thorvik. I dag heiter bokvinnaren Turid Tirevold. Gratulerer!

Klok på bok 1524

Dette er livets sorg:

at man bare kan bli lykkelig hvor man er to,

og at våre hjerter higer mot stjerner

som ikke trenger oss.

Sitatet er frå s. 46 i boklækjarutgåva (1976). Denne gongen skal me fram til ein antologi som på originalspråket kom ut i 1915. Forfattaren døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein skribent som skreiv på engelsk. I monologen sitatet er henta ifrå, får me høyre om ei dame som heiter Louise, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet hennar. Send etternamn på Louise, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis