Klok på bok

Slipsknut

Publisert Sist oppdatert

Her i bokstova er me mektig imponerte over kor mange klokingar det finst i lesekrinsen til Dag og Tid. Heile 38 godkjende svar fekk me på Hamsun-kvissen som var siste oppgåva i fjor. Kor mange timar folk har brukt på å gruble og lese seg opp på forfattarskapen til Store-Knut, veit me naturleg nok ikkje. Men ifylgje ei åtvaring frå finansministeren vert bruttonasjonalproduktet i Noreg sterkt svekt når det er kviss med Knut. Gråt meg ei elv, Vedum.

Som ei påskjønning til alle lesarane som er glade i Hamsun, og til glede for nye lesarar, vil me nok ein gong presentere ei røvarhistorie frå røynda. Denne gongen med slips: Det var laurdag den 11. desember 1920 at Knut Hamsun mottok nobelprisen i litteratur i Stockholm. Han budde på Grand Hôtel Royal saman med kona Marie, og Store-Knut var i festhumør på banketten etter prisutdelinga. Det var mange som ville skåle, og Hamsun skåla med. Seint på kvelden hadde Marie forgjeves forsøkt å få nobelprisvinnaren med i seng. Til sist gjekk ho aleine opp på hotellrommet. Då Albert Engström og ein kelner på morgonkvisten kjem slepande med Knut til rom 317, er han så påsegla at det er umogleg å få av han gallaantrekket. Marie får teke slipset av mannen sin, men no søv Hamsun tungt på sofaen, og ho lèt han liggje.

Det går over kyrkjetid før Knut vaknar på sofaen i Stockholm sundag 12. desember. Og han vaknar til ei kone som står der med hovudet bøygd, Marie er langt ifrå nøgd. Ho vil skjelle han ut, og byrjar med å påpeike at han var så full at korkje Engström eller ho fekk av han dei fine kleda før han fall i svevn. Då kjem det frå Store-Knut: «Kjære, har jeg ligget hele natten uten slips!»

Blant dei mange fine svara denne gongen vil me trekkje fram måten Ole G. Evensen presenterer ei pedagogisk løysing på. Evensen har med tittelen på alle verka me hadde henta gåtene ifrå, og han skriv:

«1 Frå Redaktør Lynge: namn på politisk parti som redaktør Lynge er tilhengjar av: Venstre.

2 Frå Sult: namn på gata der episoden på trappa går føre seg: Pilestrædet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement