Klok på bok

Skrønike

Publisert

I eit langt og fint etterord i løysingsboka denne gongen skriv Halldór Gudmundsson at Halldór Kiljan Laxness skal ha skrive fylgjande om forteljekunsten og det vanskelege med å skrive ein god tekst: «Det er enkelt å være en forsentkommer og oppfinne smellet når andre har oppfunnet kruttet.» Då boklækjaren las dette sitatet høgt for Klok-redaksjonen, vart det så stilt at ein kunne høyre ei knappenål falle ned i ein høystakk.

Boris Pasternak skal ha sagt om Laxness at han elska Halldór på same måten som han elska Hamsun. Det var nok ei utsegn som frå russaren var meint som ein honnør til båe, men islendingen hadde blanda kjensle når det kom til Store-Knut. Utan skugge av tvil hadde skrivestilen til Hamsun innverknad på Laxness, men særleg Markens grøde var sistnemnde skeptisk til. Boklækjaren utelukkar ikkje eit element av svartsjuke når Halldór Laxness omtala Hamsun som «ein kunstnerisk villmann». Som Max Frisch sa det: «Sjalusi er frykt for samanlikning.»

Om løysinga me skulle fram til denne veka, skriv Gunnar Bæra: «Den islandske forfattaren Halldór Kiljan Laxness (1902–1998) debuterte i 1919 og hadde ein stor produksjon bak seg då han fekk Nobelprisen i 1955. Han tok inn over seg heile verda og hadde vore både kommunist, katolikk og taoist. Som modernistisk og realistisk forfattar fornya han den islandske forteljartradisjonen og var det næraste ein kunne koma ein ny Snorre Sturlason. Oppgåveboka er Brekkukotkrønike, nyomsett i 2000, men boka Liv og lagnad i Brekkukot kom så tidleg som i 1964 omsett av Ivar Eskeland, som vel må ha norsk rekord i omsetjing av Laxness. Operasongaren heiter Gardar Hólm.»

Kjell Helge Moe skriv: «Dette er ei flott bok av ein forfattar som eg har lese fleire bøker av: Halldór Kiljan Laxness: Brekkukotkrønike. Denne boka las eg i sommar, faktisk. Ein seksar på terningen. Vi har òg vore i heimen hans, Gljúfrasteinn. Eg vil absolutt rå til å vitje denne staden!»

Eli Hegna skriv: «Islendingen Halldór Laxness skrev 51 romaner, også skuespill, dikt og noveller. Etter et tidlig opphold i USA ble han en overbevist sosialist og han ble den første av to mottakere av Stalinprisen i 1949 – en pris innstiftet for å styrke freden mellom nasjonene, og bare tilegnet utlendinger. Pablo Picasso mottok samme prisen året etter. Ukas sitat er fra Brekkukotkrønike (håper jeg har stavet riktig), og operasangeren, som blir et forbilde for hovedpersonen i romanen, heter Gardar Hólm. Halldór Laxness var svært begeistret for amerikansk film og ikke minst for Charlie Chaplin. Spor av denne begeistringen finner vi igjen i flere av hans verker.»

Anne Berit Skaarer skriv: «Laxness er ein frodig forteljar, med humor. Eg gler meg til å lesa denne boka, så tusen takk for tipset.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement