Skravlebøtta
I eit langt etterord til løysingsboka denne veka, skriv den franske filosofen og litteraturteoretikaren Maurice Blanchot om kor gripen han er av verket. Ifylgje Blanchot var også forfattaren Georges Bataille hugteken av boka: «denne fortelling forekom ham å være en av de mest gripende som noensinne har vært skrevet».
Om boklækjaren skulle påstå at innsendarane var like begeistra som Blanchot og Bataille for boka Pratmakeren, ville ljugekrossen komme godt med. Sjeldan har me fått så mange stuttmælte svar, og av dei som skreiv noko meir enn sjølve løysinga, var haldninga jamt over lite oppmuntrande.
Her i bokstova lyt me medgje at ikkje alle i Klok-redaksjonen var oppglødde over løysingsverket. Etter ei grundig utspørjing kom det fram at det berre var boklækjaren som hadde lese heile boka. Kan hende var det etterordet, som eg las fyrst, som fekk meg til å fullføre. Utan at eg vil gå like langt som ein kollega, ho kalla boka for «sovemedisin», kan eg vel tilstå at sjansen for at Pratmakeren vert lesen opp att, er minimal. Til alle tider vil dei lærde stridast om kva som er stor litteratur, og ingen skal stå i skammekroken av di dei er usamde med Maurice Blanchot og Georges Bataille om Pratmakeren. No var det nok mange lesarar som vart letta.
Robert Øfsti skriv: «Sjeldan har vel tittelen på ei bok høvd betre enn på Louis-René des Forêts’ Pratmakeren: Fram til side 120 har det ikkje skjedd anna enn at forteljaren har dansa med ei spansktalande dame, fått juling av dama sin kavaler og høyrt vakker barnekorsong. Resten er prat. Ein må nok vere meir interessert i litteraturteori og sånne ting enn eg er, for å forstå at dette er ein klassikar. Men men. Eg er berre midtvegs i boka.»
Marta Kløve Juuhl skriv: «Ja, hovudpersonen i denne franske romanen du har funne fram no, var verkeleg ein pratmakar. Forfattaren heiter Louis-René des Forêts (1918–2000). Romanen heiter Pratmakeren på norsk. Hovudpersonen måtte vera utruleg sjølvoppteken. Dei sidene eg las for å finna svar på spørsmålet ditt, gjekk i same duren heile tida, og krinsa om han sjølv. Han var på ein danserestaurant og drakk og såg på dei som dansa. Så oppdaga han ei dame på dansegolvet som han og gjerne ville dansa med. Men det gjekk mange sider før han kom så langt at han verkeleg baud henne opp. Ho dansa med ein annan, som då sjølvsagt vart fornærma. Då kom denne tiraden frå dama, på spansk (på side 26). Denne forteljinga gav ikkje meirsmak, eg trur ikkje eg les henne ut.»
Etter å ha vore på leit etter berre ei positiv tilbakemelding i svarbunken, lyt eg sende ein takk til Per Trygve Karstensen. Han kunne strekke seg til: «Fint å bli gjort oppmerksom på Klassikerserien moderne tider!»
For mange vart det ein kamp å drasse seg gjennom drøset denne gongen. Desse fortener ros for rett svar på oppgåve 1595: Eli Winjum, Signar Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Paul Henrik Hage, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Lise Haaland, Nils Farstad, Bjørn Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Inge Strand, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Altred Sørensen, Ole G. Evensen, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Reidar Birkeland, Marta Kløve Juuhl, Ole Husby, Bjørn O. Bjørnsen, John Dag Hutchison, Torleif Bertelsen, Per Trygve Karstensen, Audun Gjengedal, Olav Holten, Turid Trirevold, Kjell Helge Moe, Jorunn Røyset, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, John Olav Johnsen, Gunnar Eide, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sigrun Gjengedal Ruud, Eirik Holten, Brita Lundeland og Torleik Stegane.
I dag går bokpremien til Eli Hegna, som sende inn rett svar frå Antibes i Frankrike. Gratulerer!
Klok på bok 1597
Han visste at når han kysset denne piken og for evig og alltid koblet sine usigelige visjoner sammen med hennes dødelige åndedrag, ville aldri tankene hans komme til å sveve fritt igjen, som Guds tanker. Og altså ventet han og lyttet enda en stund til tonen fra stemmegaflen, som var slått an mot en stjerne. Deretter kysset han henne, og da hans lepper rørte ved hennes, foldet hun seg ut som en blomst for ham, og inkarnasjonen var fullbragt.
Sitatet er frå s. 104–105 i boklækjarutgåva (1984). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1925. Me skal fram til ein forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Ein augelækjar er nemnd i romanen, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete etternamnet på denne spesialisten på augesjukdomar. Send namn på augelækjar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 14. oktober.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.