Klok på bok

Skimt av sjiraff

Publisert Sist oppdatert

No er det ikkje slik at det kvar veke kjem klagemål over at me skriv for lite om sjiraffar her i bokhjørnet. Ei rask oppteljing viser at det er mindre enn éin som har skrive til bokstova om problemet, likevel vil me i dag ta omsyn til den tause majoriteten som har lengta etter løyndomar om langhalsa jortarar som lever i Afrika.

For folk som er fartsgalne, vil det nok vere interessant å få vete at toppfarten til ein sjiraff er om lag 60 km/t. Det vil seie at du skal vere særs godt trent om du skal springe frå ein sjiraff du har terga på deg. Lat heller vere med å erte langhalsen. Du er ikkje mindre komisk sjølv.

Når det kjem til kyssing, er det heller ikkje noko me vil tilrå. Om du skulle få godhug for ein sjiraff, skal du vere merksam på at med ei tungelengd på rundt ein halv meter, vil tungekyssing fort få kjedelege konsekvensar.

I løysingsverket denne gongen etterlyste me ein tøysjiraff med namnet Willy. Tett før fristen var det fleire innsendarar som påpeika at sjølv om det er mykje whisky i boka, så heitte ikkje sjiraffen me skulle fram til, Per-Willy. Klok-redaksjonen tek reaksjonane ad notam.

Hans Petter Høie skriv: «Eg var nær ved å gje opp denne gongen. Nykelen gjekk nesten i lås då eg forstod at forfattaren og eg var jamgamle, og at Francois Mauriac fekk nobelprisen i 1952. Tittel på verk: Stille natt, Samlaget 2011. Men eit leikedyr? Har Hovland skrive om leikedyr? Etter timar på folkebiblioteket fann eg sitatet på sida 82, slik du hadde lagt ut dette åtet. Denne forrykande romanen er full av sceneskift, og hovudpersonen, som òg er forfattar, har høyrt om Ragnar Hovland. Han reiser hit og dit og opplever litt av kvart, og alltid utan leikedyr. Litt roadmovie, altså. Måtte eg lese heile boka denne gongen? Det enda med at kona fann leikedyret på side 133 i løpet av svært kort tid. På sidene framfor har hovudpersonen vore i Stavanger og lese høgt frå gamle bøker. Her møter han ei forfattarspire, B. Henne skal han ha mykje å gjere med i åra frametter, kan vi lese. Eit frampeik. Etter ein meir eller mindre litterær prat på ein parkbenk, skilst dei, og det er då ho gjev hovudpersonen ein leikesjiraff som ho dreg fram frå innerlomma, og ho fortel at han heiter Willy. Her enda jakta ein laurdag på folkebiblioteket. Godt ein er gift med ein detektiv som les utruleg raskt. Hmm, eg trur jammen eg les resten av boka!»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Det er så herleg å lese ei heil bok av Ragnar Hovland, denne gongen Stille natt. Han skriv så godt på ein lett og rett nynorsk. Eg trur ingen norsklærar ville finne noko å bruke raudblyanten på her. Dermed blir også stoffet og hendingane lettare tilgjengelege for oss. Så til det som i første instans dreiv meg (og andre?) til å lese boka: Boklækjarens alltid populære tilleggsspørsmål. Eg fekk eit aha om dette leikedyret alt på side 24, for der har 3. bror ein strikka bamse under jakka. Men ikkje noko namn. Det finn eg lenger uti boka når eg-personen får ein liten tøysjiraff av B., og han heiter Willy.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement