JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Rilkeføre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4446
20220121
4446
20220121

Me er tre veker inne i det nye året. For mange er det tida for å gje opp eitt eller fleire naive nyårsforsett. I det tindrande klare ljoset frå etterpåklokskapen gjev det vel heller ikkje så mykje meining, det du hadde sett deg føre rundt nyttår.

Ifylgje ei undersøking frå i fjor vurderer éin av fire nordmenn å ta seg ein «kvit månad» i byrjinga på året. Stikk motsett av kva ein skulle tru, inneber ikkje vendinga at det er fritt fram med kvitvinen. For lesarar som synest at alkoholfri januar vart ei lengre pine enn dei hadde rekna med, har Klok-redaksjonen kome fram til at det også heiter kvit månad når ein heiser det kvite flagget, eller når ein skyt ei kvit pil etter noko. Så fekk me det på plass.

Også i dag har Laurits Killingbergtrø funne fram til løysinga. Han skriv: «Takk til Medikus for ny bokgåte og nye nyttige tips for korleis vi skal klare oppgåva. Denne gongen vart det kvinnelege nobelprisvinnarar i litteratur som eg hadde mest hjelp av. Forfattaren vår denne gongen døydde nemleg eit år da det var ein kvinneleg vinnar. Eg tok meg til å rekne opp og fann ut at av 118 vinnarar i alt er det berre 16 kvinner som har vunne prisen. Skammeleg få, må ein tykkje. Men akkurat for leitinga i dag er det ein føremon at det er så få. Året vi skal fram til, må vere seinare enn 1922, for da kom boka ut som vi skal leite etter. Aktuelle år blir dermed 1926, 1928 (Undset), 1938, 1945 og så eit sprang til 1966. Eg sjekka på Wiki og ante at eg fekk klaff med 1926, for i desember det året døydde den austerrikske lyrikaren Rainer Maria Rilke, fullt namn René Karl Wilhelm Johann Josef Maria Rilke. Han gav i 1922 ut boka Die Sonette an Orpheus, med undertittelen Ein Grabmal für Wera Ouckama-Knoop.

Boka kom i norsk atterdikting av Åsmund Bjørnstad på Samlaget i 2013 med tittelen Sonettane til Orfeus. Skrivne som eit gravmæle for Wera Ouckama-Knoop. Om denne Wera skriv forlaget ein stad at ho var veninne av dotter til Rilke. Wera var i alle høve sjølv ein utøvande kunstnar, ein dansar, og døydde 19 år gammal. No sit eg med boka, for eg, heldiggrisen, har berre fem minutt å gå bort til næraste Deichman-avdeling. Der fekk eg noko febrilsk sjekka at sitatet står på rett side, og no er eg i gang med lesinga. Eg tykkjer så godt om sonettar, fordi dei er så faste i forma, med regelfaste strofer og rytme og rim. Nydeleg!»

Eli Hegna skriv: «Sonettane til Orfeus er en diktsyklus av den store tyske poeten Rainer Maria Rilke (1875–1926). Verket består av 55 sonetter. Forfatteren henter inn kjent mytisk stoff og omformer dette etter egen hensikt. Det er en stor oppgave å oversette Rilke til norsk. Den ugjennomtrengelige poesien kan sette grå hår i hodet på noen og enhver, leser jeg. Gjendikter i denne sammenhengen, Åsmund Bjørnstad, sammenlikner det med harde epler som trenger lang modningstid, både for dikteren, oversetteren og leseren, men som smaker desto bedre.»

I løypa som førte fram mot løysinga på oppgåve 1513 var det rilkeføre for desse klokingane: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Bjørn Gjermundsen, Vigdis Hegna Myrvang, Ole G. Evensen, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Hans M. Gautefall, Odd Jarle Kjørstad, Gunder Runde, Eli Hegna, Inge Strand, Gunnar Bæra, Eirik Holten, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav Holten, Lise Haaland, Kjell Helge Moe, Gunn Bull-Berg, Jorunn Røyset, Nils Farstad, Arne Thorvik, Folke Kjelleberg, Inger Margrethe Berge, Audun Gjengedal, Gunnar Eide, Jan Erik Røed, Anne Berit Skaarer, Petter Kristensen, Pål Amdal, Reidar Birkeland, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Sigrun Gjengedal Ruud, Eva Sunde, Dei kvasse på Fana, Sjur Joakim Fretheim, Torbjørn Ohnstad Skaim og Robert Øfsti.

Denne gongen skal me til Sunnmøre for å finne bokvinnaren, og han heiter Gunnar Eide. Gratulerer!

Klok på bok 1515

En dag revner tausheten, brått eller gradvis, ordene veller ut over tingene, og mens de endelig blir anerkjent, danner det seg nye tausheter under dem.

Sitatet er frå s. 97 i boklækjarutgåva. Me skal fram til ei bok som på originalspråket kom ut fyrste gong i 2008. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Tittelen på boka kan lokke pasjonerte båtfolk til å kjøpe henne. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 29. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis