JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Pynta sjølvbilde – diverre, heldigvis

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4591
20211203
4591
20211203

Mykje tyder på at me er på veg attende til ei tid då det kan vere vanskeleg å tru på at verda er i vater. Viruset gjev seg ikkje, og nok ein gong lyt me omkalfatre planar og draumar som me ber på. Av og til kjem det likevel små drypp som seier at ikkje alt er på skeive, at verkelegheita verkar og at noko er på stell. Sist torsdag (25. november) var det styr på sysakene og endeleg fekk Jon Fosse Brageprisen for eit einskilt verk, nemleg Eit nytt namn. Septologien VI–VII.

Klok-redaksjonen gratulerer Fosse på det varmaste og vonar me får sjå og høyre han på ei litterær tilstelling neste år. Dei faste lesarane får nok ikkje sjokk når me avslører at her i bokstova står ei framføring på poesifestivalen i Ulvik 2022 øvst på ynskjelista.

Etter at Jon Fosse mottok prisen, heldt han ein takketale der han gjorde merksam på at han også var nominert til Brageprisen for 30 år sidan. Særs sympatisk var det då han heldt fram: «Det har blitt ein del nominasjonar etter den gong, men det tok si tid før eg fekk han. Det får vere til trøyst for alle som har vore nominerte, og som ikkje har fått prisen. Hald ut, så får du han!»

I tittelen til spalta du les no, har boklækjaren vore ein vittig hund. Eg har laga ein alternativ tittel på løysingsboka og vonar på tilgjeving frå lesarane. Og, ikkje minst, frå løysingsforfattaren. Resultatet tilseier vel at dette ikkje bør verte ein vane.

Laurits Killingbergtrø skriv: «Uff, må vi til å tråle gjennom desse nobelprisvinnarane enda ein gong no da, tenkte eg straks eg såg gåta denne gongen. Men vi skulle meir avgrensa til eit skotår da prisen ikkje vart utgjeven, og da roa eg meg fort, for det var vel stort sett under andre verdskrigen det ikkje vart delt ut nokon pris. I det eine skotåret da, i 1944, vart prisen verkeleg utgjeven. Dermed stod 1940 att som einaste aktuelle fødselsåret for forfattaren vår denne gongen. Under ’Litteraturåret 1940’ nemner Wikipedia opp ti norske forfattarar som er fødde dette året, og av dei finn eg seks som med litt tøygde grenser kan reknast som nynorske. Ikkje verst. To av desse gav ut bøker i 2019, og det var Eldrid Lunden med Dikt i samling og Einar Økland med Rosemalte selfies – og omvendt. Ein tur på biblioteket avslørte at den siste var den boka vi skulle fram til. Einar Økland har vore gjest i Klok-spalta fleire gonger som forfattar. Men ein gong vart han grundig skildra sjølv, og det var i boka som ferienaboen Agnes Ravatn skreiv: Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet. Økland kom særs godt ut av den omtalen. – Så var det dette frosne vatnet da. Eg tek sjansen og gissar på at det er isflak, for det ordet går att ni gonger på åtte stutte liner i det diktet han har gjeve overskrifta ’Klassisk

På oppgåve 1507 vil me rosemåle desse klokingane: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Magnhild Reisæter, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Ragnhild Eggen, Bjørn Myrvang, Per Trygve Karstensen, Jon Østbø, Eli Winjum, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Gunder Runde, Petter Kristensen, Pål Amdal, Ingeborg Helvik, Jorunn Øxnevad Lie, Bjørn O. Bjørnsen, Nils Farstad, Arne Thorvik, Eli Hegna, Kjell Håve, Kirsten Bakke, Olav B. Larsen, Gunnar Bæra, Turid Tirevold, Bjørn Gjermundsen, Folke Kjelleberg, Audun Gjengedal, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Margrethe Berge, Torbjørn Ohnstad Skaim, Jorunn Røyset, Olav Holten, Reidar Birkeland, Fritjof Lampe, Eirik Holten, Tor Inge Tennfjord, Sjur Joakim Fretheim, Jorunn Kleppe, Aina Gamborg, Torbjørg Langdal, Dei kvasse på Fana, Solrun Haukedalen, Gunnar Eide, Lise Haaland, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne gongen skal me til Klokkarvik for å finne bokvinnaren, og ho heiter Inger Margrethe Berge. Gratulerer!

Klok på bok 1509

Og du, far, der du ligg trist og bratt,

slå, sign meg med din strigråt, det er tid.

Gå ikkje mild inn i di gode natt.

Slåst, slåst av trass i lyset som er att.

Sitatet er frå s. 90 i boklækjarutgåva (2014). I dag skal me fram til ei fin lita bok med omsette dikt og tekstar i utval. Sitatet er frå avslutninga på eit dikt som utan skugge av tvil kan kallast ein klassikar. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete når dagens dikt fyrste gong stod på prent på originalspråket. Send årstal for fyrste prenta utgåve av diktet, namn på forfattar og tittel på norsk utval til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis